Bjørnafjorden kommune Bjørnafjorden kulturskule

Vil du vere med å vidareutvikle Bjørnafjorden kulturskule?

Gitarlærar – 48,47 % fast stilling

Bjørnafjorden kulturskule har ledig stilling som gitarlærar i 48,47% fast stilling. 

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i Bjørnafjorden kulturskule, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden kulturskule (Osøyro)

Arbeidsoppgåver
- Ansvar for gitarundervisning i kulturskulen.
- Ansvar for eigne prosjekt/arrangement og samarbeidsprosjekt med andre lærarar, samt samarbeid med dei lokale lag og organisasjonar der det er naturleg.
- Stillinga inneber arbeid på ettermiddag- og kveldstid.

Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig relevant musikkfagleg høgskuleutdanning og pedagogisk utdanning eller relevant undervisningserfaring. Utanlandsk utdanning må være godkjent av HK-dir.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar
- Gode samarbeidsevner.
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg.
- God digital kompetanse.
- Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig, i samarbeid med interne og eksterne aktørar.
Personleg eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Vi vil aldri be søkar om BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson for nærare opplysningar, kontakt rektor Christian Breistein på tlf. 56 57 52 48 / 977 77 341 eller på e-post: cbr@bjornafjorden.kommune.no

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag
Kveld

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Pedagog
Undervisning

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

26.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Bjørnafjorden kulturskule

Kontaktpersonar:

Adresse:

Mobergsbakken 20 5200 Os

Kart: