Vil du vere med å gi barn og unge i Bjørnafjorden ein god oppvekst?
Barnehagelærar ved Jettegryto barnehage
Vi har ledig 100% vikariat som barnehagelærar i Jettegryto barnehage frå 01.08.26, med moglegheit for fast tilsetjing.
Vi søker deg som ønsker å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga til Jettegryto barnehage. Barnehagen treng barnehagelærarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.
I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. Barnehagen er med i regional kompetanse utvikling og har satsing på ASK i kvardagen. Dette er eit samarbeid med Høgskulen på Vestlandet.
Arbeidsstad
Jettegryto er ein 4-avdelings barnehage som ligg sentralt til i Eikelandsosen med mange ulike fasilitetar i nærleiken, som Fjorden Arena, kunstgrasbane, bondegard, fleire leikeplassar, symjehall, butikkar, bibliotek og flotte turar til både skog, vatn og sjø.
Avdelingane har namn etter naturelement som er forbunde med jettegryter. Vi har to småbarnasavdelingar; Skarvet og Juvet i aldersgruppa 1-2 år, og to storbarnsavdeling; Fossen og Hålo med barn i alderen 3-5 år. Det er 16 tilsette og 69 barn.
Jettegryto barnehage er ein barnehage med eit rikt mangfald frå ulike nasjonar og vi er ein livleg gjeng som finn på mykje kjekt saman.
Arbeidsoppgåver
- Å jobbe etter kommunen sine satsingsområder, planer og ulike verktøy.
- Planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- I samarbeid med styrar og pedagogisk leiar planlegge og gjennomføre ulike møter.
- Å bidra og følgje opp endring- og utviklingsarbeid.
- Å delta aktivt i det daglege arbeidet med barna, og å vere tydeleg rollemodell ovanfor barn og tilsette.
Kvalifikasjonar
- Utdanning som barnehagelærar. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent frå HK-dir.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er fleksibel og løysingsorientert.
- Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
- Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Barnehagelærar
Stillingstype:
Heiltid
Vikariat
Søknadsfrist:
19.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Jettegryto barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Brakabygda 49 5640 Eikelandsosen