Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Fagarbeidar/assistent ved Lysekloster barnehage

Vi har ledig 100 % fast stilling og 100% vikariat som fagarbeidar/assistent i Lysekloster barnehage frå 01.08.26.  

Vi søkjer deg som har engasjement for arbeid med barn og ønskjer å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle Lysekloster barnehage som ein lærande, nyskapande og inkluderande organisasjon. Barnehagen treng fagarbeidarar som vil vere med å bygge opp ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring, høg kompetanse og arbeide mot barnehagen sitt overordna mål som er å ha rom for alle og blikk for den enkelte.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på Alternativ Supplerande Kommunikasjon (ASK) i kvardagen og trygt og godt barnehagemiljø.

Arbeidsstad
Lysekloster barnehage ligg vakkert til på Edne, like ved Lysekloster idrettsplass og skule. Rundt barnehagen er det skogsområde, med fleire moglegheiter for tur. Vi nyttar området til å koma oss til skogs, til fjells og til sjøen. Vi har 5 avdelingar og per no 79 barn i alderen 0 – 6 år. 
Vi har fokus på at kvart barn skal bli sett og høyrt. Det er viktig at barnet opplever glede og meistring i  kvardagen. Mottoet vårt er: «Det er stort å vera liten»

Arbeidsoppgåver:
- Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
- Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
- Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
- Bidra til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø.

 Kvalifikasjonar:
- Fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget. Søkjarar med anna relevant utdanning og erfaring vert også vurdert. Utdanning frå utlandet skal vere godkjent av HR-dir.
- Erfaring frå arbeid med barn 0-6 år.
- Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest.

Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er raus, omsorgsfull og har eit varmt hjarte for barn.
- Er leiken, tar ansvar, initiativ og er fleksibel.
- Har gode evner til kommunikasjon og refleksjon.
- Er ein lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr:
- Ein barnehage med stort fokus på fagleg innhald.
- Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Kontaktperson: Irene Kvåle Foer, Barnehagesjef, mobil: 917 57 972, irfo@bjornafjorden.kommune.no

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast
Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Fast
Heiltid
Vikariat

Søknadsfrist:

12.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Lysekloster barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Edne 19 5215 Lysekloster

Kart: