Kjøkkenassistent
Er du arbeidsvillig, lærevillig og trivst med å jobbe på kjøkken? Likar du å bidra til gode måltidsopplevingar for bebuarar, dagsenter og heimebuande – og samarbeide tett med resten av teamet ved produksjonskjøkkenet på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS)?
Då kan du vera den rette for oss!
Vi har ledig 100 % fast stilling som kjøkkenassistent / hjelpearbeidar, og håpar du vil søkje!
Arbeidsstad
Produksjonskjøkkenet ligg sentralt i Eikelandsosen, samlokalisert med Fusa bu og behandlingssenter i Bjørnafjorden kommune
Arbeidsoppgåver
- Assistere i produksjon av måltid etter kok/kjøl-metoden
- Pakking, merking og klargjering av mat til institusjonar, dagsenter og heimebuande
- Oppvask, rydding og reingjering etter gjeldande rutinar
- Følgje IK-mat/HACCP-reglar
- Bidra i forbetringsarbeid og vidareutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå kjøkkenarbeid er ønskjeleg
- Gode rutinar for hygiene og reinslighet
- God fysikk og evne til å jobbe i eit kjøkkenmiljø med høgt tempo
- Gode norskkunnskapar er ønskelig
- Kompetanse eller kurs innan mattryggleik og hygiene er ein fordel, men ikkje eit krav
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Personlege eigenskapar
- Ryddig, nøyaktig og strukturert
- Likar å jobbe i team og bidreg positivt til arbeidsmiljøet
- Evne til å arbeide sjølvstendig når det trengst
- Omstillingsdyktig og løysingsorientert
- Motivasjon for å lære og utvikle deg i jobben
- Vi legg vekt på personlege eigenskapar og arbeidsvilje
Vi tilbyr
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- Varierte og meningsfulle arbeidsoppgåver
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande avtalar
Søk i dag og bli ein del av vårt flotte team! Vi gler oss til å høyre frå deg!
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/3150
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Assistent
Kjøkken-og kantinearbeidar
Kokk
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
20.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Fusa bu- og behandlingssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Leitet 28 5640 Eikelandsosen