Vil du bli vår nye lønns – og rekneskapskonsulent?
Lønns – og rekneskapskonsulent
Har du genuin interesse for lønns – og rekneskapsfaget? Er du ryddig og strukturert,og i tillegg nysgjerrig på videreutvikling av beste praksis innan systemløysingar,rapportering og rutinar?
Vi har ledig 100% fast stilling som lønns – og rekneskapskonsulent.
Avdelingane er ein del av stabstenestene, som saman med økonomi, personal, IT, og organisasjonsutvikling utgjer 39 tilsette. Vi samarbeidar tett med leiarar i heile organisasjonen for å sikre rett lønn til rett tid til våre om lag 2000 tilsette.
Lønsavdelinga har og ansvar for å krevja inn refusjonar frå NAV, og å gjennomføra lovpålagd rapportering av arbeids- og lønnsdata til offentlege instansar og pensjonskasser.
Rekneskapsavdelinga fører rekneskapen for kommunen og to KF som til saman har eit driftsbudsjett på ca. 2,8 mrd. Kr. I tillegg har kommunen eit investeringsbudsjett på ca.100 mill.kr.
Avdelingane har systemansvar for lønnssystemet Visma Enterprise Plus HRM, som er mastersystem i Bjørnafjorden kommune og Visma Enterprise Plus Økonomi. Oppgåvene er i stor grad digitaliserte, og det er eit kontinuerleg fokus på effektivisering og utvikling av prosessar og arbeidsflyt.
Om du vil bli med oss på laget, vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø og fagleg fellesskap, der samarbeid, kompetansedeling og felles måloppnåing står i fokus.
Arbeidsstad
Stabstenestene - lønn – og rekneskap
Som medarbeidar hos oss har du ei viktig rolle med varierte oppgåver:
- Lønnsarbeid fra A-Å, herunder rapportering, kontroll og avstemming
- Pensjon
- Oppfølging og behandling av sjuke- og fødselspengar frå NAV
- Rekneskapsarbeid, herunder bokføring, fakturabehandling, avstemminger, kundeoppfølging, moms og årsavslutning mv.
- Utvikling og vedlikehald av system og rutinar
- Opplæring og leiarstøtte
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå innanfor økonomi/rekneskap/administrasjon/leiing, eller evt. autorisert rekneskapsførar.
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Det er ein fordel om du har erfaring frå lønnsarbeid og kjennskap til lønnssystem, fortrinnsvis Visma Enterprise.
- God kjennskap til lov- og avtaleverk innan fagområdet
- God digital kompetanse
- God norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
Egenskaper
- Du jobbar systematisk, er strukturert og løysingsorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du likar ein travel kvardag og løyser oppgåver i team, der du er med og tar i eit tak om det trengs
- Du er analytisk og sjølvgåande og oppteken av å levere rettidige tenester.
- Du ser mogelegheiter framfor utfordringar
- Du blir med i jakta på smarte løysingar og har interesse for nye system og teknologi
Det blir lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Stab og utvikling, HR, økonomi
Stillingsnivå:
Konsulent
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
16.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Lønn/rekneskapsavdelinga
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os