Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling for alle. Lesing og arbeid med språk er også satsingsområde. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Ledig 100% fast stilling som lærar ved Fusa ungdomsskule.

Arbeidsstad

Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg til aktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2025 - 2026 er det om lag 156 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen. Utviklingsområda våre dreier seg om trygt og god skulemiljø, undervegsvurdering og lesing.

Arbeidsoppgåver
- Individuelt tilrettelagt opplæring
- Ordinær undervisning i klasse eller gruppe
- Samarbeid med foreldre, PPT, BUP m.fl
- Arbeid med psykososialt skulemiljø

Kontaktlærarfunksjon kan vere aktuelt.

Skulen har behov for kompetanse innan: Individuelt tilrettelagt opplæring, matematikk, norsk, naturfag, kunst & handverk, mat og helse, tysk, kroppsøving og arbeidslivsfag. Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.

Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer

Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.

Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/2796

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar

Stillingstype:

Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

31.03.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Fusa ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Vivi Irene Fosse

Stilling: Rektor

mob: +47 917 27 724

Adresse:

Brakabygda 43 5640 Eikelandsosen

Kart: