Sjukeheimslege
Bjørnafjorden kommune har fom. 01.03.2026 - 31.08.2026 ledig 100% mellombels stilling som sjukeheimslege.
Vi søkjer deg som har hjarte for eldreomsorg, og ønsker å jobbe i eit engasjert, positivt og inspirerande miljø!
Arbeidsstad
Pleie- og omsorgstenesta ved Luranetunet bu- og behandlingssenter på Os med kort reiseveg frå Bergen.
Nokre dager i månaden er tilknytt Fusa bu-og behandlingssenter i Eikelandsosen. Reisetid til Fusa-bu og behandlingssenter er inkludert i arbeidstid.
Luranetunet bu- og behandlingssenter (LBBS) har to korttidsavdelingar og åtte langtidsavdelingar med til saman ca 175 bebuarar. Vi har òg ein ny og flott innebygd tropehage på 1300 m2, der temperaturen er behageleg heile året. Fusa bu-og behandlingssenter (FBBS) har ein miljøavdeling for personar med demens, ein bu avdeling og ein korttids-og rehabiliteringsavdeling med til saman ca 40 bebuarar. Vi har og 3 kommunale ØH-senger innen somatikk, rus og psykiatri. 2 på LBBS og 1 på FBBS. Kortidsavdelingane er for pasientar som treng vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering), eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar imot heimebuande som treng avlastning eller medisinsk utgreiing.
Arbeidsoppgåver
- Medisinskfagleg ansvar for utredning, behandling og rehabilitering av pasientar og bebuarar på sjukeheim. Ein del av stillinga omfattar klinisk arbeid ved sjukeheimane
- Samarbeid med pårørande, fastleger og øvrige einingar og faggrupper
- Medisinsk rådgjevar for einingsleiar, avdelingsleiar og øvrig helsepersonell ved LBBS og FBBS
- Bidra med fagutvikling og administrativt arbeid
- Ansvar for rettleiing og supervisjon av leger under utdanning (ALIS og LIS-1)
- Kan om ønskjeleg delta i legevaktsordninga
- Stedfortreder for sjukeheimsoverlege ved fråvær/permisjon
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Spesialist innen allmennmedisin eller geriatri. Andre relevante spesialister kan også søkje
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Søkjar må ha gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som har erfaring, interesse og engasjement for feltet sjukeheimsmedisin
- Du har fokus på medisinsk behandling som gir god livskvalitet
- Du er ansvarsbevisst, fleksibel, positiv og har gode samarbeidsevner
- Du har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- God konkurransedyktig løn etter gjeldande avtalar
- Tilrettelegging for å oppnå godkjenning i kompetanseområdet alders- og sjukeheimsmedisin
- Faglege og personlege utfordringar i eit raust, kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- Ein svært meiningsfull jobb med varierte og spennande arbeidsdagar
- Internundervisning sammen med øvrige kommunalt tilsette legar
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/964
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Lege
Stillingstype:
Heiltid
Vikariat
Søknadsfrist:
09.02.2026
Tiltreding:
01.03.2026
Arbeidsstad:
Luranetunet bu- og behandlingssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://hppt://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Solstrandsvegen 39 5200 Os