Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Helgestilling

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig helgestilling i turnus

- 30% fast stilling 

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, og 2 dagsenter og avlastning for born og unge. 
Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 vaksne bebuarar. 

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.  

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidar
  • Til helgestillingar ønskjer vi også rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med relevant utdanning eller erfaring kan også bli vurdert. Vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning.
  • Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
  • Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.

Stillinga er i turnus m/arbeidshelg kvar 4. helg (seinvakt fredag og langvakt laurdag-/søndag)

 Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning.
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

26/764

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

12.02.2025

Tiltreding:

01.04.2026

Arbeidsstad:

Bjørnefjorden bufellesskap

Kontaktpersonar:

Anette Lekven Ellefseth

Stilling: Assisterande avdelingsleiar

tlf: +47 480 15 050

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: