Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Fagarbeidarstilling i turnus

Tilrettelagte tenester f.t avdeling Kuhnletunet Bustader har ledig faste stillingar:

  • 2x100% stillingar i turnus

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personar med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og tilbod på avlastning både i heim og i avlastningssenter.
Kuhnletunet Bustader ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år til bebuarar med varierande bistandsbehov.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg med helsefagleg utdanning og relevant erfaring frå målretta miljøarbeid. Kompetanse knytt til adferdsutfordringar, er ønskjeleg men ikkje eit krav. Søkjarar som nærmer seg opptak til fagbrev/eller har planer om dette, kan bli vurderte til stillingane. Du bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din erfaring, vidareutdanning og kjennskap til brukargruppa.

S
tillingane er i turnus m/ordinære vakter, med ei langvakt på helg og arbeidshelg kvar 4.helg.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

10.02.2026

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Kuhnletunet bustader

Kontaktpersonar:

Siv Elise Clausen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 911 74 301

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: