Helgestilling i turnus - 30% natt
Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig helgestilling på natt frå snarast:
- 30 % fast stilling på natt.
Arbeidsstad
Fusa butenester er avdeling på Fusa, v/einingTilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, tenester i heim, ambulante tenester og avlastningsenter for born. Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus, med moglegheiter for langvakter, og arbeidshelg kvar 4.helg.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege eigenskap.
Det vert lagt vekt på kjennskap og erfaring til brukargruppa og dine personlege eigenskapar.
Bilsertifikat kl. B er nødvendig.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
- Ekstra tillegg i årsløn for arbeid på natt
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/581
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
30.01.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Fusa butenester
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 0000 Os