Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester

100% fast stilling som miljøterapeut

Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 engasjerte kommunalt tilsette. Vi har ein nær og inkluderande kommune, noko som kjem til uttrykk visjonen vår: «Det gode livet for alle». Som tilsett hos oss er du med på å løyse viktige samfunnsoppgåver og bidrar til auka livskvalitet for innbyggjarane våre. Hos oss har arbeidet ditt har verdi – og du betyr noko.

Avdeling Miljø og aktivitet, Psykisk helse og rustenester i Bjørnafjorden har ledig fast 100% stilling som miljøterapeut, i turnus med langvakter kvar 4. helg.

Arbeidsstad og avdeling

Avdeling Miljø og aktivitet tilbyr ambulerande helsehjelp, oppfølging i eigen bustad og ulike tenester til menneske med samansette behov. Vi har særleg fokus på å fremje livskvalitet, meistring og aktivitet i kvardagen. Avdelinga er organisert i tre team:

Vartun bustadoppfølging
Tilbyr trygge rammer og målretta oppfølging på stabilitet og sjølvstende i eigen bustad. Tenesta omfattar mellom anna samtalar, varme måltid, sosialt samvær, utdeling av reint brukarutstyr, medikamenthandtering for pasientar i legemiddelassistert rehabilitering (LAR).

Ambulerande helsehjelp
Gir heilskapleg oppfølging i eigen bustad til personar med samansette utfordringar innan rus, psykisk helse og livsmeistring. Målet er å styrkje meistring og livskvalitet.

Livskvalitet
Eit lågterskeltilbod dagtilbod med arbeidstrening, aktivitet og gruppetilbod. Vi har mellom anna eigen sykkelverkstad og kaffibrenneri, samt tilbod innan utendørsterapi, gatelag fotball, klatring og terapiriding.
 

Arbeidsoppgåver

  • Yte tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og individuelle planar
  • Miljøterapeutisk arbeid og praktisk oppfølging i brukaren sin kvardag
  • Deltaking i daglege gjeremål og ulike aktivitetar
  • Primærkontaktarbeid, planarbeid og deltaking i ansvarsgrupper
  • Deltaking i LAR-behandling
  • Fremje aktivitet, meistring og arbeidstrening

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, til dømes sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar
  • Anna relevant utdanning kan vurderast
  • Vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er ein fordel
  • Førarkort klasse B

Vi ser etter deg som:

  • Kan arbeida både sjølvstendig og i samarbeid med andre faggrupper
  • Meistrar å stå i krysspress og handtere ulike og komplekse behov
  • Er fleksibel, løysingsorientert og ser utviklingsmoglegheiter i møte med brukarar
  • Har gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter
  • Er tillitsskapande og relasjonsbyggjande

Personlege eigenskapar vert vektlagt

 Vi tilbyr

  • Eit inkluderande og utviklingsorientert fagmiljø
  • Turnusarbeid (vakter dag, kveld og langvakter kvar 4 helg)
  • Løn etter gjeldande avtaleverk. For sjukepleiarar og vernepleiarar i turnus, tilbyr Bjørnafjorden kommune eit tillegg i grunnlønn på kr. 25.000 over garantilønnstabellen
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Gode moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag der du kan gjere ein reell forskjell
  • Aktiv satsing på heiltidskultur i kommunen

 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald. Alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste i samsvar med gjeldande regelverk. Søkjaren kan be om unntak frå offentleggjering. Dersom unntak ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi gjer merksam på at vi aldri ber søkjarar om å oppgi BankID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

26/575

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Miljøterapeut
Sjukepleiar
Sosionom
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

02.02.2026

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Vartun/Osøyro

Kontaktpersonar:

Thomas Dahl Orø

Stilling: Einingsleiar for psykisk helse og rus

tlf: +47 99642224

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: