Bjørnafjorden kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig miljøterapeut til psykisk helse- og rustenester.
100% fast stilling som miljøterapeut
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!
Vi jobbar kontinuerleg med spennande prosjekt og er alltid på utkikk etter engasjerte menneske med hjartet på rett stad. Er du ein av dei?
Psykisk helseteam gir hjelp til personar med lette til moderate psykiske lidingar og/eller ROP-lidingar. Teamet består av kommunepsykolog, ruskonsulent, samt to team (Rask Psykisk helsehjelp og Tilfriskningsteam). Vi tilbyr individuell oppfølging, kurs i sinnemeistring, behandling av sosial angst og støtte til personar i livskrise og pårørande – med mål om auka meistring og livskvalitet.
Denne stillinga har arbeidstid på dagtid, mandag til fredag.
Arbeidsoppgåver
- Individuell oppfølging av personar med psykiske vanskar/lidingar
- Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen
- Koordinerande rolle i det tverrfaglege samarbeidet
- Fagleg rettleiing
- Brukarretta kartlegging og rettleiing
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning innan helse- og sosialfag, til dømes sosionom, vernepleiar eller sjukepleiar. Anna relevant utdanning kan vurderast.
- Vidareutdanning innan psykisk helse- og/eller rusarbeid er ønskjeleg.
- Erfaring med arbeid med menneske som har psykiske lidingar og/eller rusutfordringar er ein fordel
- Krav om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid.
- Gode kommunikasjons- og relasjonsferdigheiter.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstige pensjonsordningar, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Ein kommune som jobbar aktivt for å etablera ein heiltidskultur.
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med høve til å gjera ein reell forskjell.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
26/161
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Miljøterapeut
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
27.01.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Osøyro
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar psykisk helse Olaug Sælen Steen
mob: +47 980 67 514
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os