Studerer du Landmåling, Dataingeniør eller Bygg/VA – og har interesse for VA? Då er dette noko for deg!
Sommarjobb 2026 innan kart, data og VA
VA-forvaltning i Bjørnafjorden kommune søker 2 til 4 engasjerte studentar til sommarjobb 2026. Vi jobbar med å kartlegge og kvalitetsheve leidningsnettet vårt, ein verdifull ressurs for alle aktørar i kommunen.
Bjørnafjorden kommune har omlag 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette. Vi er ein kommune i vekst, og med ny E39 er reisetida til Bergen halvert. I Bjørnafjorden kommune ønskjer vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktige for innbyggarane og lokalsamfunnet.
Arbeidsoppgåver
- Innmåling og innhenting av dokumentasjon på leidningsnett
- Registrering og oppdatering av data i Gemini VA, QGIS og ArcGIS Pro
- Moglegheit for oppgåver knytt til: Modellering, testing og enkel kalibrering av avløpsrøyrmodellar i EPA SWMM, databehandling og automatisering (f.eks. med QGIS, Python, avansert Excel m.m.).
- Oppgåvene kan tilpassast etter din faglege bakgrunn og interesse.
Vi ser etter deg som:
- er student innan Landmåling, Dataingeniør eller Bygg/VA-teknikk
- er strukturert, sjølvstendig og har god IKT-forståing
- har interesse for VA-faget og kommunal infrastruktur
- har, eller tek, Arbeidsvarslingskurs 1 (vi dekker det)
- har førarkort klasse B
Vi tilbyr:
- Triveleg fagmiljø med høg kompetanse
- Verdifull arbeidserfaring innan VA og kart
- Naudsynt opplæring
- Løn etter gjeldande avtale
- Fleksibel arbeidstid med tilkallingsavtale
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/26026
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Deltid
Ved behov
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Ingeniør
Stillingstype:
Ferievikar
Tilkallingsvikar
Søknadsfrist:
15.01.2026
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Bjørnafjorden
Kontaktpersonar:
Fagansvarleg samferdsel Per Atle Arefjord
mob: +47 952 31 442
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Industrivegen 96 5210 Os