Bjørnafjorden kommune Heimetenester Eikelandsosen

Heimetenesta søker deg med engasjement og ønske om faglege utfordringar innan eldreomsorga

Tilkallingsvikarar ved Heimetenester Eikelandsosen

Vi treng tilkallingsvikarar til heimesjukepleien, heimehjelp, på natt og ved dagsentera. I heimesjukepleien vil det vera behov for vikarar som kan arbeide dag-, kveld- og natt.

Som tilkallingsvikar kan vi tilby arbeid/vakter ved fråvær pga sjukdom, ferie eller andre høve som fører til behov for mellombels arbeidskraft.

Arbeidsstad
Heimetenester Eikelandsosen – heimesjukepleie og heimehjelp i:

  • Dagsenter for eldre og personar med demenssjukdom
  • Nattevaktlaget  

Dersom du har spesielle ønskjer for avdeling, er det viktig at du set dei opp i prioritert rekkefølgje i søknaden.

Søknadane blir handsama fortløpande og det er kun aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju. Vi oppmodar deg difor om å senda inn søknaden din snarast. 

Arbeidsoppgåver

  • Pleie- og omsorgsoppgåver til heimebuande.
  • Medansvarleg for dokumentasjon og medikamenthandtering
  • Ansvar for å gje hjelp ut i frå brukaren sitt vedtak og til avtalt kvalitet
  • Bidra til god ressursutnytting og tverrfagleg samarbeid
  • Bidra til at interne og eksterne lover, reglar og prosedyrar blir følgd
  • Fokus på fagutvikling
  • Vera pådrivar for planlegging, iverksetting og evaluere tiltak
  • Bidra til godt samarbeid med brukarar og pårørande
  • Bidra til godt arbeidsmiljø

Tilkallingsvikarar har ikkje rett til å få tilbod om arbeid. eller plikt til å ta på seg tilbydd arbeid.  

Kvalifikasjonar

  • Som tilkallingsvikar i ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning/erfaring eller er i eit helsefagleg utdanningsløp
  • Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja
  • Er du engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å arbeida med menneske, er du òg velkomen til å søkja
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Søkjar må vere fylt 18 år ved tiltreding av stillinga
  • Førarkort kl. B
  • Søkjarar utanfor Norden må legge fram dokumentasjon på gode norskkunnskapar og gjennomført norsktest B1/B2 nivå

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest. 

Personlege eigenskapar

  • Du kan jobbe sjølvstendig og samarbeide med andre
  • Du er fleksibel, serviceinnstilt, lojal og pliktoppfyllande
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne

Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar. Studentar med relevant utdanning er omfatta av eiga avlønning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Ekstrahjelp

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Assistent
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar

Stillingstype:

Tilkallingsvikar

Søknadsfrist:

31.05.2026

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Eikelandsosen

Kontaktpersonar:

Gro Elisabeth Almås

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 481 25 246

Silje Mykkeltvedt

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 986 61 342

Adresse:

Leitet 22 5640 Eikelandsosen

Kart: