Bjørnafjorden kommune HR-avdelinga

Personalrådgivar - vikariat

Ledig ett års vikariat frå januar 2026 med moglegheit for forlenging. Oppstart etter avtale. 

Bjørnafjorden kommune har om lag 2000 tilsette og er ein kommune i vekst.Vi jobbar målretta med initiativ for utvikling- og forbetring, i takt med nye og endra behov frå innbyggjarane og for å drive ei moderne kommune. Dette stiller krav til endringskompetanse, fleksibilitet, læring- og omstillingsevne for alle våre tilsette.

HR-avdelinga består av 24 tilsette innan fagområda personal, HMS, IT, lønn og organisasjonsutvikling. Vi samarbeider tett og har fokus på kompetansedeling, digitalisering og kontinuerleg utvikling av tenestene vi har ansvar for.

Du vil bli del av eit kompetent team av rådgjevarar, som samarbeider tett alle fagområda representert i kommunen. I HR har vi eit langsiktig fokus på tiltak for auka nærvær, personvern, leiaropplæring, trygg innføring av AI og forhold som skapar helsefremjande arbeidsplassar

Arbeidsoppgåver

  • Leiarstøtte knytt til lov- og avtaleverk, personaloppfølging, nærvær og sakshandsaming, digitalt og via telefon som del av konseptet HR-Hjelpa
  • Leiarstøtte ute i tenestene, saman med leiar i ulike prosessar knytt til personalforvaltning
  • Opplæring og kompetanseheving ute i organisasjonen, både gjennom fysiske kurs og i digitale format
  • Rådgiving, administrasjon og oppfølging av rekrutteringsprosessar
  • Promotering av kommunen mot lærlingar og nytudanna gjennom deltaking på utdanningsmesser og besøk på skular og utdanningsinstitusjonar
  • Vedlikehald og revisjon av skriftlege rutinar på HR-området
  • Sakshandsaming og personaladministrasjon
  • Oppgåver knytt til lønnsadministrasjon, oppfølging av arbeidstidsordningar og fråvær

Stillinga vil ha hovudansvar for å følgje opp lov- og avtaleverk på personalområdet for skuler og barnehager i kommunen. Søkjarar med erfaring frå oppvekstområdet vil bli føretrekt.

 Utdanning og erfaring

  • Relevant utdanning på bachelornivå innan HR, personalleiing, økonomi/administrasjon eller juridiske fag
  • Lang og relevant erfaring kan kompensere for krav om bachelor
  • Arbeidserfaring frå leiarrådgiving og sakshandsaming.
  • Kjennskap til lønnsadministrasjon vil vere ein fordel
  • Kandidatar med god kunnskap om lov- og avtaleverk i kommunal sektor vil bli prioritert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • God digital kompetanse og interesse for å lære og utnytte digitale verktøy. Erfaring i Visma HRM vil vere ein fordel.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Personlege eigenskapar

  • Positiv, fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig, effektiv og strukturert
  • God rettleiar- og samhandlingskompetanse
  • Høy arbeidskapasitet og evne til å handtera fleire sakar samstundes
  • Gode skriftlege og munnlege kommunikasjonseigenskapar
  • Interesse for moderne HR og ny teknologi
  • Relevant arbeidserfaring og personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 Vi tilbyr

  • Spennande arbeidsoppgåver innan eit bredt spekter av HR som fagområde
  • Fokus på læring og utvikling gjennom kurs, webinar og samlingar
  • Stor grad av medvirkning til nytenkning og forbetring av arbeidsprosessar
  • Bli del av et team med lang erfaring og høyt fokus på kompetansedeling
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Kommunen nyttar Statens regulativ for fleksitid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Lønn etter gjeldande avtaler og tariff
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen 

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/26025

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Stab og utvikling, HR, økonomi

Stillingsnivå:

Rådgjevar

Stillingstype:

Heiltid
Vikariat

Søknadsfrist:

14.01.2026

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

HR-avdelinga

Kontaktpersonar:

Ingrid Kristin Askvik

Stilling: HR-sjef

mob: +47 932 61 493

Karianne Maltun

Stilling: Avdelingsleiar HR

mob: +47 95435727

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: