Bjørnafjorden kommune Halhjem barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Kort vikariat i undervisningsstilling

Vi har ledig 100% vikariat stilling som lærar frå 01.12.25 til 19.12.2025 - med mogleg forlenging

Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opna ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.

Arbeidsstad

Halhjem barneskule ligg i sentralt i bustadområde på Halhjem og like ved 600- busslinja til Bergen. Skulen har elevar på 1.-4.trinn, og har i dag 92 elevar og i underkant av 20 medarbeidarar. Vi ligg like ved Søre Neset idrettsanlegg med fotballbaner, volleyballbane, skatepark, SPV-arena osv. Skulen ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag året rundt. Vårt arbeid er forankra i visjonen vår: «Med trivsel, tryggleik og læring opnar vi dører mot verda og framtida». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning, i tillegg til dette har vi FAL, fysisk aktiv læring, sentralt i vårt utviklingsarbeid og virke. Godt skule- og læringsmiljø er alltid i fokus.

Arbeidsoppgåver
Lærar

Kvalifikasjonar

Godkjent GLU 1.-7.trinn frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Eigenskapar

Vi ønsker erfaring med begynnaropplæring i norsk, matematikk og engelsk. Fint om søkar har kompetanse/interesse/erfaring med uteskule/friluftsliv. Ønskeleg med kvalifikasjonar innan praktisk-estetiske fag som musikk og kunst- og handverk, samt ASK og Teacch-metodikken. Vi ser etter ein tydeleg, pliktoppfyllande og engasjert klasseleiar og rollemodell. Ein pedagog som er aktiv i utviklingsarbeid, samt ein medarbeidar som bidrar til eit best mogeleg skule- og arbeidsmiljø for elevar og kollegiet.

Vi treng medarbeidarar som:
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er kreativ og kan bruke alternative læringsarena (uteskule) og gjerne har god kjennskap til FAL
- kan ha symjeundervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegiet.

Søkarane vil bli vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng.
Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju fortløpande. Stillinga kan bli forlenga.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter at søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Kontaktperson: Kristin Starheim
Telefon: 996 91 262

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Undervisning

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

26.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Halhjem barneskule

Kontaktpersonar:

Kristin Starheim

Stilling: Rektor

mob: +47 99691262

Adresse:

Halhjemsmarka 50 5208 Os

Kart: