Vil du vere ein del av vaktlaget til Brann og redning?
Brannkonstabel deltid
Har du eit ønskje om å bidra til å styrkje beredskapen og gjere ein forskjell i nærområde ditt og i Bjørnafjorden kommunen?
Bjørnafjorden brann og redning har ledig 3 x 3% fast stilling som brannkonstabel i dreiande vakt ved beredskapsavdelinga på Os.
Ved behov kan vi òg tilby avtale som tilkallingsvikar.
Vaktordninga er organisert med 4 vaktlag som har heimevakt kvar 4. veke mandag til mandag. Det vil sei at du må vere i beredskap heile døgnet den veka du har vakt.
3% stillinga utgjer 58,5 øvingstimar pr år i tillegg til heimevakta. I tillegg er det dagberedskap på brannstasjonen mellom 0800-1530 mandag til fredag.
Du må ha bustad maks 5 minutter frå brannstasjonen på Moberg i tråd med avstandskravet etter gjeldande brannordning.
Arbeidsstad
Brannstasjonen på Moberg
Mobergsbakken 111
Arbeidsoppgåver
- Brannkonstabel ved brann, ulukke og andre redningsoppdrag
- Systematisk øving og trening for å oppretthalde naudsynt kompetanse
- Halde seg oppdatert på IKT-system og HMS-føringar
- Bidra til å utvikle og oppretthalde ein god organisasjonskultur og eit godt arbeidsmiljø
- Bidra til at Bjørnafjorden brann og redning er synleg og tilstades for innbyggjarane på ein god måte
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga
Du deltar i dreiande vaktordning (heimevakt) kvar fjerde veke, samt må bære varslingseining(radio) på fritida.
Du må ha bustad i nærleiken av Os brannstasjon på Moberg, avstandskrav til brannstasjonen dvs 5 minutt etter gjeldande brannordning.
Uttømmende politiattest krevst ved tilsetjing i samsvar med Brann- og eksplosjonsvernslova, kap. 2, § 18. – Politiattest
Kvalifikasjonar
- Du har fagbrev og/eller relevant arbeidserfaring
- Du må ha god fysisk og psykisk helse
- Du må kunne tilfredstille krava til å vere røykdykkar
- Du må ha førarkort minimum klasse B
- Du må pårekne å ta førarkort klasse C for eigen rekning innan 1 år om du ikkje har dette fra før
- Du må vere svømmedyktig
- Du må ha gode muntlege og skriftlege norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har
- Gjennomført yrkesutdanning for brannkonstablar i henhold til gjeldande reglar
- Erfaring frå beredskapsarbeid
- Redningsdykkarkompetanse
- Førstehjelpskompetanse
- Kode 160
- Avtent førstegongsteneste
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Det vert lagt vekt på dine personlege eigenskapar og evne til å arbeide i team.
Alle kandidatar som går vidare i rekrutteringsprosessen må gjennom eit fysisk opptak.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Brannkonstabel
Stillingstype:
Deltid
Søknadsfrist:
01.12.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Brannstasjonen på Moberg
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Mobergsbakken 111 5200 Os