Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Undervisningsstilling vikariat
Lunde barneskule har ledige undervisningsstillingar.
100% undervisningsstilling i vikariat frå 01.01.26-31.07.26.
100% undervisningsstilling i vikariat frå 20.02.26-31.07.26, med mogleg forlenging.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og
mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna
nytilsette lærarar gjennom rettleiarordning og faste nettverk.
Arbeidsstad:
Lunde barneskule er ein 1-7 -skule med rundt 325 elevar og vel 50 tilsette i ulike stillingsstorleikar. Skulen ligg i naturskjøne omgjevnader på Lunde i Bjørnafjorden kommune.
Skulen har gode og lyse undervisningslokale, med framtidsretta infrastruktur for den digitale skulen.
Hausten 2021 opna vi den nye utehallen vår, som gjev gode moglegheiter for fysisk aktivitet ute gjennom heile året.
Skulen satsar på trivsel og tryggleik, og logoen vår «Lundehjartet» står sentralt. Vi arbeider etter verdiane meistring, anerkjenning og tryggleik.
Vi legg derfor vekt på at elevar og tilsette skal få lære og utvikle seg i trygge rammer. «Vi elskar å lære».
Les gjerne meir om skulen vår på Lunde.gs.hl.no og facebook.com/Lundebarneskule.
Arbeidsoppgåver
Undervisning på barnetrinnet, samarbeid med kollegaar og føresette, aktiv deltaking i
kommunen og skulen sitt utviklingsarbeid. Kontaktlærarstilling kan vere aktuelt.
Kvalifikasjonar:
Undervisningskompetanse på barnetrinnet. Personlege eigenskapar er viktig til desse stillingane.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Eigenskapar
Vi søker etter ein medarbeidar som:
- likar å jobbe med barn i læring og utvikling
- er løysingsorientert og fleksibel
- er pliktoppfyllande og kan jobbe sjølvstendig
- har gode evner til samarbeid og å skape gode relasjonar til born og vaksne
- er ein tydeleg, engasjert og god rollemodell
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt -
KLP.no
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling
eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå
innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar
om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom
anmodningen ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Lærar
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
01.12.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Lunde barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Klasavegen 10 5208 Os