Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for barn og unge

Deltidsstilling på natt 40 %

Arbeidsstad
Varafjell avlastningssenter er kommunen sitt avlastingstilbod til foreldre med barn og unge med nedsatt funksjonsevne, og vi har ledig fast stilling, i turnus på natt, frå snarast.

Varafjell er ei av avdelingane i eininga for Tilrettelagte tenester, og avlastningssenteret ligg strategisk plassert i Industrivegen, nær idrettsanlegget på Kuventræ.

Arbeidsoppgåver
Det er behov for tilsyn, stell, pleie og omsorg.
Stillinga er for tida knytt opp mot tenestemottakarar på Varafjell avlastningssenter 
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane. I funksjonen inngår førebygging, habilitering og rehabilitering. 

Stillinga er i turnus med f.t arbeid kvar 3.helg. Nattstillinga er inkludert med "bakvaktsordning" i eininga.

Kvalifikasjonar
Fagarbeidar med autorisasjon som helsefagarbeidar / barne- og ungdomsarbeidar, men søkjarar under helsefagleg utdanning eller relevant høgskuleutdanning er og ønskjeleg.
Det vert lagt stor vekt på dine personlege eigenskapar, og kjennskap til brukargruppa er ein fordel. 

  • skaper gode relasjoner, tillit og tryggleik
  • ønskjer å vera ein del av eit spanande arbeidsmiljø
  • ønskjer utfordringar
  • er oppteken av å ivareta borna som om dei er dine eigne
  • er sjølvstendig og har opparbeida deg gode samarbeidsevner
  • lyttar med respekt

Bilsertifikat kl. B er nødvendig.

På bakgrunn av dine gode faglege og etiske verdiar, er nettopp du den vi treng for å kunne gje barnet eit godt heilhetleg tilbod.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.  

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

28.11.2025

Tiltreding:

Desember månad

Arbeidsstad:

Varafjell avlastning

Kontaktpersonar:

Torild Mjelstad

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 907 44 897

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: