Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter

Vi har ledig fast 100% stilling som spesialpedagog i Pedagogisk fagsenter.

Ønsker du å bruke fagkompetansen din til å gje barn og unge ein trygg oppvekst? Då har vi jobben for deg.

Vi ser etter deg som er fagleg engasjert og oppdatert. Du viser omsorg, evner å skape relasjoner til store og små, og tar ansvar. Du ønskjer å utvikle deg fagleg i eit miljø kor du får bidra, bruke din kompetanse og får støtte og rettleiing. Du kan jobbe både sjølvstendig og i team.

Pedagogisk fagsenter
Består av spesialpedagogar, logopedar og fagarbeidarar som jobbar direkte med barn som har lovfesta rett til spesialpedagogisk hjelp. Arbeidet vil vera ute i tildelt barnehage i tett samarbeid med dei tilsette.

Arbeidsstad
Barnehageadministrasjonen / Pedagogisk fagsenter.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve vedtaksfesta spesialpedagogisk hjelp i barnehage (§31 i barnehageloven)
  • Rettleiing og samarbeid inn mot barnehage og føresette
  • Jobbe førebyggande på «grøn sone»
  • Utarbeide tiltaksplanar og årsrapportar i samarbeid med barnehagen.

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3- åring relevant høgskuleutdanning, og erfaring innanfor barnehage. 
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Vidareutdanning i spesialpedagogikk
  • Ønskeleg med rettleiingskompetanse
  • Ønskeleg med erfaring frå arbeid med spesialpedagogikk.
  • Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskapar. Det administrative skriftspråket i kommunen er nynorsk.

I tråd med barnehagelova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi ser etter deg som:

  • Har evne til å arbeide målretta, sjølvstendig og i team
  • Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Er fleksibel, strukturert og løysingsfokusert
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt.

Som spesialpedagog hos oss får du:

  • Eit team med stort fokus på fagleg innhald
  • Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør.
  • Mentorordning
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke.
Irene Kvåle Foer, fagsjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no  tlf: 917 57 972

 

 

 

 

 

Del på:

Referansenummer:

25/24672

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Undervisning

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

10.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Pedagogisk fagsenter

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: