Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Deltidsstilling på natt

Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Bolig Moberg bufellesskap, har ledig omlag 46 % fast stilling
 
Stillinga er i turnus, f.t  46,83 %, som våken nattevakt.
 

Om arbeidsstaden
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til personer med ulike funksjonsnedsettingar. Tenesta består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter, avlastningssenter og tenester i heim og skule for born og unge. 
Bolig Moberg er eit bufellesskap med 4 vaksne tenestemottakarar, med ulike behov for oppfølging. Boligen ligg lokalisert nokre få minutt i frå Osøyro.

Arbeidsoppgåver
Som tilsett vil du få ei sentral rolle i å:

  • yta heilskaplege og faglege tenester i tråd med prinsippet "Kva er viktig for deg?"
  • bidra til å sikra høg livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging
  • støtte brukarane i daglege gjeremål og rutinar
  • delta i målretta miljøarbeid og oppfølging av vedtaksfesta tiltak 

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Bolig Moberg er ei avdeling kor det blir jobba miljøarbeid retta mot utfordrande åtferd. 

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som er:

  • autorisert helsefagarbeidar, eller andre med relevant helsefagleg utdanning og erfaring med brukargruppa kan også vera aktuelle
  • vi søkjer og deg som er ufaglært, men har interesse og erfaring for å jobba med menneske, òg som på sikt ønskjer ta ei relevant utdanning ihht til brukargruppa.
  • erfaren i arbeid med personar med nedsett funksjonsevne (ikkje krav) og ønskjeleg med kjennskap og erfaring frå helse- og omsorgstenestelova kap. 9 
  • trygg i rolla di, og du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
  • god på relasjonsbygging, tillit og samhandling
  • sjølvstendig, ansvarleg og løysingsorientert
  • lyttande og respektfull,  både overfor brukarar og kollegaer

Det blir lagt vekt på dine personlege eigenskapar. Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar. Erfaring frå målretta miljøarbeid med brukargruppa vil bli vektlagt.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Du må kunne leggje fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • empatisk, tolmodig og har gode kommunikasjonsevner
  • trives med å jobbe i team og bidra til et godt arbeidsmiljø
  • gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor avgrensing

  Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb i eit trygt og utviklande fagmiljø
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode kollegaer
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande tariffavtalar. Det gis tillegg i grunnlønn over garantilønnstabellen for stillingar på natt. 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd
Oppvekst

Søknadsfrist:

11.11.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Bjørnefjorden bufellesskap

Kontaktpersonar:

Bøye Martins Skeie

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 957 47 727

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: