Bjørnafjorden kommune Helsefremming og rehabilitering

Ergoterapeut - 100 % vikariat

Vi i ergo- og fysioterapitenesta ønskjer deg som likar varierte arbeidsoppgåver og spennande utfordringar! 

Vi har ledig eit vikariat på 100 % med arbeid på dagtid frå 2. januar 2026 – 31.desember 2026. Stillinga er organisert under Helsefremming og rehabilitering som består av ergo- og fysioterapitenesta, hjelpemiddel- og servicemedarbeidar, kartleggings- og kvardagsrehabiliteringsteam som består av totalt 23 tilsette. Dette er ein fantastisk gjeng å jobbe saman med! Stillinga du søkjer vil vere lokalisert på austsida av Bjørnafjorden med kontor på Fusa bu- og behandlingssenter, saman med to fysioterapeutar. Det er òg tett samarbeid med ergo-/fysioterapitenesta på Os.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter

Arbeidsoppgåver
Som ergoterapeut skal du bidra til å fremje aktivitet, deltaking og meistring for våre brukarar slik at dei kan meistre si livssituasjon på best mogleg måte. Du vil arbeide med brukarar i alle aldrar – frå born til eldre. Stillinga inneber tett samarbeid med fysioterapeuter, heimesjukepleia i Fusa, ressursstilling innan demens, sjukeheimen, skule og barnehage, samt andre samarbeidspartnarar for born og unge. Vi ønskjer oss ein kollega med stort engasjement for innbyggjarane i Bjørnafjorden kommune, og som har lyst til å vere med å utvikle faget vidare. 

Kvalifikasjonar

  • Autorisert ergoterapeut
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Førarkort klasse B
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå kommunehelsetenesta
  • Det er ønskjeleg med erfaring med arbeid med både born, vaksne og eldre

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Personlege eigenskapar

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
  • Gode relasjonelle ferdigheiter i møte med born, vaksne og eldre
  • God arbeidskapasitet og interesse for fagleg utvikling
  • Engasjert, fleksibel og løysingsorientert
  • Gode samarbeidsevner
  • Evne til å strukturere og planleggje arbeidskvardagen på ein effektiv måte

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Ergoterapeut

Stillingstype:

Heiltid
Vikariat

Søknadsfrist:

10.11.2025

Tiltreding:

02.01.2026

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter

Kontaktpersonar:

Atle Gusland

Stilling: Avd.leiar

mob: +47 916 13 857

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: