Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Helgestillingar

Tilrettelagte tenester, f.t Fusa buteneste, har ledig helgestillingar, med ønskje om snarleg tiltreding:

- 25 % stilling i turnus
- 30 % stilling i turnus

Arbeidsstad
Fusa butenester er avdeling på Fusa, i einingaTilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune. Tilrettelagte tenester gjev tenester til både born og vaksen med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, tenester i heimen, ambulante tenester, avlastningsenter, for born, og 2 dagsenter. Stillinga her er f.t knytt opp mot Fusa buteneste.

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.

Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga.

Stillingane er i turnus, med moglegheiter for langvakter kvar 4.helg.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men studenter under helsefagleg utdanning eller andre med relevant arbeidserfaring, er også ønskjeleg. Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.

Det vert lagt vekt på kjennskap til brukargruppa og personlege eigenskapar.

Bilsertifikat kl. B er nødvendig.

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

 Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar - studentavlønning for relevant utdanning
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det. 

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

07.11.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Fusa butenester

Kontaktpersonar:

Grethe Norheim

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 473 99 986

Yvonne Matre

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 902 89 733

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: