Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter

Er du helsefagarbeidar og liker å jobbe på natt?

Helsefagarbeidar – Natt

Natta er ikkje heilt stille hos oss – men ho er lærerik, variert og viktig.

Vi søkjer helsefagarbeidarar som ønskjer å jobbe natt hos oss. Som ein del av nattevaktlaget vårt får du ansvar, faglege utfordringar og tett samarbeid med gode kollegaer. Hos oss er natta både roleg og uforutsigbar – og aldri kjedeleg.

Kvifor jobbe natt hos oss?

Luranetunet bu- og behandlingssenter ser på ulike måtar å organisere arbeidet på for å sikre kvalitet i tenestene og ha rett kompetanse på rett plass. Vi treng deg som ønskjer å være med å vidareutvikle denne måten å jobbe på og ser moglegheiter framfor begrensingar.

Som tilsett på natt ved Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du ha variert arbeid på tvers av avdelingar – du får brei erfaring og nyttar kompetansen din der behovet er størst

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med kollegaer som støttar kvarandre
  • Eit lærande miljø med mange elevar, studentar og lærlingar
  • For arbeid på natt vil du få eit tillegg på kr 30.000 på årsløn
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode støtteordningar dersom du ønskjer å vidareutdanne deg, samtidig som vi prøver å legge til rett for at det er mogeleg å ta vidareutdanning ved sida av jobb

Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:

  • har autorisasjon som helsefagarbeidar (gjerne med relevant vidareutdanning)
  • har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
  • er fagleg engasjert og oppteken av læring og utvikling
  • er trygg, ansvarsfull og har gode samarbeidsevner
  • er bevisst haldningane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt
  • bidrar positivt inn i arbeidsmiljøet og er fleksibel på alle nattevaktlag

Om arbeidsplassen
Luranetunet bu- og behandlingssenter ligg berre nokre minutt frå Bergen og har 175 plassar fordelt på 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar. Vi har både rehabilitering, behandling og avdelingar spesielt tilrettelagt for personar med demens.

Hos oss står bebuarane sine livshistorier og behov i sentrum – vi prøver å sjå personen bak sjukdommen. Vår visjon er «Varme og vekst i samspel», noko som speglar både omsorga for bebuarane, utviklingsmoglegheitene for dei tilsette og det gode miljøet i og rundt tropehagen vår på 1300 m².

Skriv gjerne i søknaden kva type avdeling du kan tenke deg å arbeide på.

Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside: 
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no) 

Praktisk informasjon

  • Vi ønskjer fortrinnsvis søkjarar i store stillingar (inntil 90%), men er fleksible på stillingsstorleik
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
  • Politiattest må leggast fram før oppstart
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
  • Søknader blir vurderte fortløpande, så send søknad snarast

Er du klar for å ta ansvar på natt – og samtidig få fagleg utvikling og eit godt fellesskap? Då håpar vi å høyre frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø.Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.

 Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

25/24207

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

05.12.2025

Tiltreding:

Snarast/etter avtale

Arbeidsstad:

Nattevaktlag

Kontaktpersonar:

Anita Kyrkjeteig-Pedersen

Stilling: Avdelingsleiar

tlf: +47 900 93 176

mob: +47 900 93 176

Adresse:

Solstrandsvegen 39 5200 OS

Kart: