Bjørnafjorden kommune Borgafjellet barneskule

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Undervisningsstilling 80% ved Borgafjellet barneskule

Vi har ledig 80 % fast undervisningsstilling, frå 01.01.26.  

Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. 

Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk. 

Arbeidsstad
Borgafjellet barneskule ligg på Hjelle, ved inngangen til Hegglandsdalen. Skuleåret 2025/2026 har vi 250 elevar og om lag 40 tilsette. Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Vi er rause med ros og oppmuntring. Saman med foreldra lager vi gode rammer rundt barna. 

Arbeidsoppgåver 
Kontaktlæraroppgåver og undervisning i hovudsak på småtrinnet 

Kvalifikasjonar 
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.  
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse  (HK-dir):https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad.  
Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. 

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga. 

Eigenskapar 
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.  

Vi ser etter medarbeidarar som: 
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell 
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid 
- har kompetanse i begynnaropplæring, med ekstra engasjement for leseopplæringa 
- er framtidsretta innan digital undervisning 
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar 
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega 

Skulen har særleg behov for kompetanse innan førskulepedagogikk og ASK/taktil kommunikasjon.  
Søkarane vil bli vurderte i høve til personlege eigenskapar og skulen sine behov.  
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju. 

Vi tilbyr 
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø 
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring 
- Løn etter gjeldande avtalar 

For undervisningsstillingar kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse 

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette. 

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

 

Del på:

Referansenummer:

25/23976

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Lærar
Undervisning

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

26.10.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Borgafjellet barneskule

Kontaktpersonar:

Gunnhild Hansen

Stilling: Rektor

tlf: +47 56 57 59 60

mob: +47 415 16 433

Adresse:

Hegglandsdalsvegen 99 5200 Os

Kart: