
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
100% fast stilling som fagarbeidar/assistent ved Strandvik barnehage
Vi søker deg som ønskjer å jobbe med barn, og vere ein del av grunnbemanninga i Strandvik barnehage. Barnehagen har sosial kompetanse som satsing, og det mest grunnleggjande hos oss er at vi skal ha det godt saman. I Strandvik barnehage er det eit godt arbeidsmiljø, med tilsette som setter barnet i sentrum.
Arbeidsstad
Strandvik barnehage er ein middels stor barnehage med lyse og luftige lokalar, plassert i hjarta av Strandvik. Rundt barnehagen finn ein skog, sjø, fjell, park, kyrkja, skule, idrettsbane og butikk. Utfordrande og flotte turområde for alle aldersgrupper, og vi har fokus på å bruke nærmiljøet til fysisk aktivitet, leik og læring. Sjøen ligg ikkje langt frå barnehageporten og dei eldste barna har bading i sjø, gjennom heile året.
Strandvik barnehage er ein spanande arbeidsplass i stadig utvikling. I perioden 2023-2025 er vi med i regional ordning for barnehagebasert kompetanseutvikling (REKOMP), med mål om å bli ein teikn til tale barnehage.
Barnehagen har 6 tilsette og 22 barn.
Arbeidsoppgåver
- Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen, både ute og inne
- Ta del i det praktiske og pedagogiske arbeidet i lag med personalet
- Vere medansvarleg for å legge til rette for barna sin leik, læring og utvikling
- Bidra til eit trygt og inkluderande miljø for alle barn
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev i barne- og ungdomsarbeidarfaget, men anna relevant erfaring vil også bli vurdert
- Erfaring med arbeid i barnehage/med barn er ein fordel
- Gjerne kunnskap eller interesse for alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)/teikn til tale, i tråd med barnehagens satsingsområde
Eigenskapar:
Vi ser etter deg som:
- Er omsorgsfull, leken og tolmodig i møte med barn
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Er initiativrik, engasjert og ser løysingar
- Kan arbeide sjølvstendig og i team
Vi tilbyr
- Ein spennande og meiningsfull jobb der du får bidra til barns utvikling
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande avtalar
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Moglegheit for fagleg utvikling, spesielt innanfor ASK/teikn til tale
Anna
Vi gjer merksam på at du må leggje fram politiattest ved ansettelse.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
30.10.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Strandvik barnehage
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://Bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os