
Vikariat 100%
Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% vikariat, i omlag eitt år, frå snarast
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.
Bjørnefjorden bufellesskap som gjev tenester til vaksne, og bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar.
Arbeidsoppgåver
Tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Stillinga er i turnus, med arbeid kvar 4. helg.
Kvalifikasjonar
Søkjer deg som har helsefagleg utdanning, men andre søkjarar med relevant utdanning og erfaring til brukargruppa, blir også vurderte.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk. Vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde og dine personlege eigenskap og erfaring blir særs vektlagt. Stillinga er for tida i team rundt brukar.
Utlands utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingstype:
Vikariat
Søknadsfrist:
30.10.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Bjørnefjorden bufellesskap
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 0000 Os