Bjørnafjorden kommune Barneverntenesta

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Kontaktperson barneverntenesta - vikariat

I oppvekstfeltet skal vi jobbe saman for å ta heile samfunnet sine ressursar i bruk for å løyse utfordringar og sjå moglegheiter. Våre tenester skal være heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum. For å få dette til er alle tenester til barn, unge og familiar organiserast i Familiens hus. Einingane som inngår i Familiens hus er Førebyggande helse, Eining for barn, unge og familiar og Barneverntenesta.

Barneverntenesta i Bjørnafjorden kommune har ledig eit vikariat som kontaktperson i 100% stilling frå snarast og omlag 1 år fram.

Arbeidsstad
Bjørnafjorden barnevernteneste har ca.24 årsverk og er organisert i Familiens hus under Oppvekst. Vi held til i fine lokaler sentralt i Os sentrum. Alle tilsette har pr. i dag eige kontor. Tenesta er utviklingsorientert, har mentor ordning, god opplæring og ukentlig veiledning for nytilsette. Vi ser fram til å få nye kollegaer som saman med oss ønskjer å gjere ein forskjell for barn, unge og familiar i vår kommune

Arbeidsoppgåver
-Sakshandsaming etter lov om barneverntenester
-Undersøke barn sin omsorgssituasjon
-Følge opp barn og familiar som får hjelp frå barneverntenesta i heimen/utanfor heimen
-Tverrfagleg samarbeid kring barn og familiar

Kvalifikasjonar
Minimum 3-årig sosialfagleg og/eller anna relevant utdanning frå høgskule/universitet, gjerne master i barnevern eller anna relevant vidareutdanning i tillegg.
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi ønskjer òg at du har:
- Erfaring frå barnevernsarbeid, arbeid med barn og vaksne
- Evne til å arbeide målretta, både sjølvstendig og i team
- Evne til å sjå moglegheiter og tenke nytt til det beste for barn og deira familiar
- Evne til å sjå og vise omsorg for barn og unge som enkeltmenneske med integritet og verdi
- Forståing for barneverntenesta sine målsettingar og utfordringar
- Erfaring frå offentleg forvaltning, tverrfagleg samarbeid og bruk av IT som arbeidsverktøy

Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Du må ha førarkort og høve til å disponere eigen bil.

Vi ønskjer å vere tilgjengelege når brukarane våre er det, difor må noko arbeid ettermiddag/kveld påreknast.

Vi oppmodar menn til å søkje.

Vi tilbyr
- Meiningsfylte utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Fagleg og personleg utvikling.
- Fleksibel arbeidstid i nye, trivelege lokale i Os sentrum.
- Eige kontor.
- Mogelegheiter til å køyre til jobb og gode parkeringsplassar.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar og lønn etter avtale.

 Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge, vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Del på:

Referansenummer:

25/23559

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Barnevernspedagog

Stillingstype:

Vikariat

Søknadsfrist:

26.10.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Barneverntenesta

Adresse:

Brugata 24 5200 Os

Kart: