
Fast 62% stilling som vaken nattevakt
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!
Grantun bufellesskap ligg nokre minutt frå Os sentrum, og gjev tenester til personar med psykiske lidingar. Bufellesskapet gjev i hovudsak tenester til tenestmottakarar over 18 år og har 12 bebuarar med varierande bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Vi jobbar etter recovery-tilnærminga som handlar om å bidra til ein personleg prosess der den enkelte får hjelp til å øve opp evne til å finne eigne meistringsstrategiar for å skape ein meiningsfull kvardag. Ved å jobbe med dette vil ein skape styrke til å meistre å leve eit godt liv med sine psykiske utfordringar. Den kommunale tenesta har til hensikt å bidra til å stabilisera den psykiske helsa hos bebuar og støtte vdekommande til å bli i betre stand til å gjennomføra daglege gjeremål, og handtera utfordringar på ein sjølvstendig måte.
Funksjon og arbeidsområde
- Å arbeida aleine som vaken nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg.
- Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga.
- Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet.
- Engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
- Vaktlengde på natt er frå kl. 21:45 til 07:15
- Arbeid kvar 3. helg - første arbeidshelg veke 50
- Nøyaktig stillingsstorleik er 62,44%
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og omsorg, og/eller psykisk helse og rus. Andre eigna kandidatar vil og bli vurdert
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid.
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid
- Tydelegheit
- Løsningsprientert
- Modig
- Evne til å samhandle godt med bebuarar med ulike behov
- Evne til å samhandle med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon
- Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet
Personleg eignaheit vil vera avgjerande.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstige pensjonsordningar, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Ein kommune som jobbar aktivt for å etablera ein heiltidskultur.
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med høve til å gjera ein reell forskjell.
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.
Etter utløp av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/23482
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Helsefagarbeidar
Miljøterapeut
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Deltid
Søknadsfrist:
22.10.2025
Tiltreding:
01.12.2025
Arbeidsstad:
Grantun
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Grantun Åse Kristin Uglehus
mob: +47 995 33 798
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os