Bjørnafjorden kommune Planeininga

100% fast stilling som arealplanleggar

Som arealplanleggar vil du vere sentral i arbeid med å legge til rette for og sikre samhandling på tvers av organisasjonen, samt andre forvaltningsnivå. Kommunen har mange reguleringsplanar som skal utarbeidast, i tillegg til private reguleringsforslag som skal behandlast.

Bjørnafjorden kommune med ca. 26 000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Utvikling av nye næringsområde og utvikling av Osøyro og Eikelandsosen er nokre av våre satsingar. I 2025 starta vi opp arbeidet med kommuneplanens arealdel og kommunedelplan for naturmangfald.

I Bjørnafjorden kommune ønsker vi å vere framoverlente, effektive og arbeide godt for å levere heilskaplege og innovative tenester innanfor dei tekniske tenestene i kommunen, med eit stort fokus på innbyggarane sine behov. Sektor for samfunnsutvikling har ansvar for plan, byggesak, oppmåling, landbruk, næring, innbyggarservice, kultur, samferdsle og VA, eigedom drift og prosjekt. 

Arbeidsstad
Planavdelinga er organisert under Plan- og byggesak, i sektor for samfunnsutvikling. Arbeidsstad er primært på rådhuset.

Arbeidsoppgåver

  • Bidra til at vedtatt politikk blir realisert gjennom intern samhandling i kommunen og god dialog med forslagsstillarar og konsulentar
  • Saksbehandling av private planinitiativ, rettleie og utarbeide grunnlag til politisk behandling
  • Utarbeide kommunale reguleringsplanar
  • Førebu og følge opp politiske vedtak
  • Bidra til samfunnsutvikling

Kvalifikasjonar

  • Bachelor eller master i relevante fag for arealplanlegging som for eksempel natur og miljø, by og region, areal og eigedom, landskap, samfunnsgeografi, eller anna relevant høgare utdanning. I særlege høve kan omfattande realkompetanse kompensere for manglande formalkompetanse.
  • Ønske om kompetanse og erfaring med reguleringsarbeid

Personlege eigenskapar blir lagt vekt på, og det er ønskeleg at du har:

  • Gode samarbeidsevner og er serviceorientert
  • Sterke analytiske evner og evne til å jobbe prosessorientert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, nynorsk er skriftspråk i Bjørnafjorden kommune
  • Høg arbeidskapasitet
  • Interesse for byutvikling / stadutvikling

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Vi tilbyr

  • Spennande arbeid i ein organisasjon i utvikling.
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unntatt. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følgje vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å gi frå seg BANK-ID i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/23370

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Fagarbeidar
Ingeniør

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

21.10.2025

Tiltreding:

etter avtale

Arbeidsstad:

Rådhuset Osøyro

Kontaktpersonar:

Idar Landro

mob: +47 95779928

Kaisa Tonheim Banne

mob: +47 97167779

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: