
Helgestillingar
Tilrettelagte tenester, for tida ved avdeling Kuhnletunet bustader, har ledig faste helgestillingar.
Stillingane er i turnus med arbeid kvar 3. helg i varierande stillingsstorleik (13-18 %)
Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til vaksne og barn med ulike funksjonsnedsettingar, i hovudsak personar over 18 år i bufellesskap.
Kuhnletunet Bustader ligg nokre minutt i frå Os sentrum. Bufellesskapet gjev tenester til bebuarar med varierande bistandsbehov.
Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.
Kvalifikasjonar
Til helgestillingar ønskjer vi særleg å rekruttere deg som er student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning. Andre søkjarar med anna utdanning eller erfaring kan ôg vera aktuelle. Søkjarar som er ufaglært, men har interesse for å jobbe med menneske, og som på sikt kunne tenke deg å ta ei relevant utdanning er òg velkommen til å søkja.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Vi tilbyr:
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter gjeldande avtaler.
Løn etter gjeldande avtaler og med eigen avlønning for studentar med relevant utdanning.
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/23074
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Sektor:
Helse og velferd
Stillingstype:
Helgestilling
Søknadsfrist:
31.10.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Kuhnletunet bustader
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 0000 Os