Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester for vaksne

Helgestiling på natt

Tilrettelagte tenester vaksne, for tida ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig omlag 28% helgestilling på natt.

Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til born og vaksne med ulike funsjonsnedsettingar. Tenestene består av 9 bufellesskap, 2 dagsenter og avlastning for born og unge. Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 vaksne bebuarar.

Arbeidsoppgåver
Du skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukermedvirking og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå
sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikre at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar.
Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver.

Stillinga er i turnus på natt med arbeid kvar 3. helg.

Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har relevant helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på fagarbeidarnivå - fortrinnsvis helsefagarbeidar. Er du student innan helse, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning er du ôg velkomen til å søkje.
Det er ønskjeleg med erfaring i frå målretta miljøarbeid med personar med utviklingshemming, men erfaring i frå eldreomsorg eller psykisk helsearbeid vil også kunne vere relevant.
Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk.
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mulig kompetansebreidde og personlege kvalifikasjonar.
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskapar. 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Løn etter gjeldande avtalar. Studentavlønning for relevant utdanning
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen. 

Etter utløp søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.  

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.   

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Natt

Sektor:

Helse og velferd

Stillingstype:

Helgestilling

Søknadsfrist:

02.10.2025

Tiltreding:

oktober månad

Arbeidsstad:

Bjørnefjorden bufellesskap

Kontaktpersonar:

Kariann Dale Tveit

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 918 08 490

Anne Turi Kvittingen

Stilling: Ass.einingsleiar

mob: +47 977 91 542

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: