Bjørnafjorden kommune Avdeling for forvaltning og koordinering

Er du vår nye sakshandsamer innan Helse- og omsorgstenester?

Sakshandsamer - 100 % fast

Avdeling Forvaltning, koordinering og bustadkontoret består av omlag 12,5 årsverk. Her lyses det no ut ein 100% fast stilling som sakshandsamar frå og med 05.01 2026. Oppgåvene er å sakshandsame etter lov om helse- og omsorgstenester, pasient -og brukarettigheitslova og forvaltningslova.

Arbeidsstad
Rådhuset, Os

Arbeidsoppgåver
I tida som kjem så må vi skape meir for mindre ved å gå frå tradisjon til innovasjon. Vi søkjer difor ein initiativrik person med engasjement for forvaltningsarbeid. Sakshandsamaroppgåvene vil i hovudsak vere knytt til handsaming av ulike søknadar om tenester til barn/unge, og deira pårørande, samt psykisk helse og rus tenster til vaksne. Ein må samstundes kunne tileigna seg kunnskap om og bidra på heile kontoret sitt ansvarsområde.

  • Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere å sakshandsame søknader om kommunale helse- og omsorgstenester. Dette inneber avgjersler om tildeling eller avslag på kommunale tenester ut frå lov, forskrift, rutinar og rettleiing. Som igjen inneber tett samarbeid med spesialisthelsetenesta, kommunehelsetenesta, fastlegar, søkjarar og pårørande.
  • Kartlegge, vurdere og ta stilling til kva tenester som er aktuell for den enkelte søkjar
  • Rettleie og informere brukarar og pårørande om bakgrunn for, og konsekvensar av beslutningar
  • Samarbeide med kollegaer og andre interne og eksterne partar som helseforvaltning og offentlege organ

Kvalifikasjonar

  • 3 årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning. Til dømes vernepleiar eller ergoterapeut
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Fordel med relevant erfaring innan helsesektor. Til dømes kartlegging av hjelpebehov
  • Fordel med erfaring som sakshandsamar innan helse-og forvaltningsrett 
  • Ønskeleg med erfaring innan rettleiing 
  • Gode IKT-kunnskapar og beherska digitale kommunikasjonsformer
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter på norsk og engelsk, muntleg og skriftleg
  • Ønskeleg at du har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Nøyaktig, strukturert og arbeidar sjølvstendig
  • Rask, effektiv og likar høgt arbeidstempo
  • Positiv og løysningsorientert med ei heilheitleg tilnærming
  • Fremma lagarbeid både internt i avdelinga og mot eksterne aktørar
  • Kommuniserer godt med mennesker i utfordrande livssituasjonar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Ergoterapeut
Saksbehandlar
Vernepleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

08.10.2025

Tiltreding:

05.01.2026

Arbeidsstad:

Rådhuset Os

Kontaktpersonar:

Ann Sissel Hustad

Stilling: Fagleiar

mob: +47 905 17 270

Guri Ljones

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 480 93 712

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: