Bjørnafjorden kommune Fagsenteret

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Avdelingsleiar for Pedagogisk fagsenter

Vi har ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar ved Pedagogisk fagsenter frå 01.01.26.
Pedagogisk fagsenter er del av barnehageområdet i Bjørnafjorden kommune, og vi har fokus på at våre tenester skal vere heilskaplege med barn, unge og føresette i sentrum.

Vi søker ein engasjert og tydeleg leiar som ønsker å vera med på å vidareutvikla eit team med speialpedagogar, logopedar og fagarbeidarar. Som avdelingsleiar for Pedagogisk fagsenter vil du få ei sentral rolle i å skape gode rammer for å arbeide heilskapeleg med §31 spesialpedagogisk hjelp og §37 tilrettelegging av barnehagetilbodet for barn med nedsett funksjonsevne. Stillinga krev evne til å kombinera strategisktenkning med dagleg oppfølging av kollegaer, og du vil vera viktig for å setje retning og sørge for tidleg innsats. Dette betyr eit høgt fokus på tverrfagleg samarbeid på tvers av sektorar og avdelingar internt og eksternt. Du må kunne bidra til arbeidsglede, kontinuerleg forbetringsarbeid og treffsikre tenester til barn, unge og familiar.

Pedagogisk fagsenter
Fagsenteret består av spesialpedagogar, logopedar og fagarbeidarar som utøvar vedtaksbasert spesialpedagogisk hjelp til barn i barnehagar. Pedagogisk fagsenter skal sjå samanheng mellom hjelp etter  §31 og §37 i barnehagelova, slik at barn får eit heilskapleg tilbod.

Arbeidsstad
Barnehageadministrasjonen / Pedagogisk fagsenter.  

Vi ser etter deg som:

  • Er målretta,ny tenkande og reflektert.
  • Har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede.
  • Er lyttande og reflektert.
  • Tar ansvar og initiativ, og har gjennomføringskraft.
  • Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner.
  • Kjennskap til offentleg forvaltning og god kjennskap til aktuelle lovverk, med vekt på Barnehagelova.

Kvalifikasjonar

- Minimum 3- åring relevant høgskuleutdanning, og erfaring innanfor barnehage.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Ønskeleg med spesialpedagogisk utdanning og/eller erfaring
- Ønskeleg med leiarerfaring
- Søkjarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.

Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.

I tråd med barnehagelova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Som avdelingsleiar hos oss får du:

  • Eit team med stort fokus på fagleg innhald
  • Eit godt arbeidsmiljø med positive kollegaer med stor arbeidsglede og godt humør.
  • Leiarstøtte
  • Allsidige og utviklande arbeidsoppgåver
  • Gode mogelegheiter for kompetanseutvikling
  • Løn etter avtale.

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodninga ikkje vert tatt til følgje, vil søkaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Ta gjerne kontakt for å høyre meir om stillinga dersom du vurderer å søke

Irene Kvåle Foer, fagsjef kommunale barnehagar
E-post: IRFO@bjornafjorden.kommune.no   mob.: 91757972

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Avdelingsleiar

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

28.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Pedagogisk fagsenter

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 5200 Os

Kart: