
100% fast stilling som teknisk teiknar
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Med ny veg hausten 2022 er reisetida til Bergen halvert.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Om stillinga
Som teknisk teiknar vil du bidra med digital planlegging, dokumentasjon og modellering av bygg og tekniske system. Bruk av laserskanning med bearbeiding av punktsky-data. Oppdatera papir teikningar til digitalt format. Vere med i ei ressursgruppe for FDV dokumentasjon ved overtaking av nye byggjeprosjekt. I tillegg kan det bli aktuelt med mindre drift og vedlikehaldoppgåver om situasjonen krev det.
Du vil jobba tett med eigedomsavdelinga, prosjektleiarar og eksterne leverandørar.
Arbeidsoppgåver
• Modellering og oppdatering av bygg i Bim-programvare (t.d. Revit, Archicad )
• Bruk av laserskanning og bearbeiding og analyse av punktskydata
• Koordinering av digitale teikningar og FDV-dokumentasjon
• Samarbeid med rådgivarar og entreprenørar.
• Samarbeid med prosjekteininga ved nye prosjekt
• FDV dokumentasjon
Kvalifikasjonar
• Fagbrev innan tekniske fag (tømrar, VVS, elektro, byggdrift) eller relevant erfaring
• BIM teknikar
• Erfaring med Bim-verktøy som Revit, ArchiCAD eller tilsvarande
• Erfaring med punktskydata og laserskanning
• Gode IT-kunnskapar og forståing for digitale arbeidsprosessar
• Førerkort klasse B
• Gode norskkunnskapar, munnlege og skriftlege
Vi tilbyr
• Ein spennande og variert arbeidskvardag
• Moglegheit for fagleg utvikling og kurs
• Eit godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
• Fleksibel arbeidstid og gode pensjonsordningar
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
22.09.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Industrivegen 96
Kontaktpersonar:
Dag Søfteland
mob: +47 900 20 197
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Industrivegen 96 5210 Os