
Er du ein nevenyttig og løysingsorientert fagarbeidar som trivst med varierte oppgåver og ansvar? Då vil vi gjerne høyre frå deg!
100 % fast stilling som fagarbeidar
Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette og vil være i sterk vekst i åra framover. Med ny veg hausten 2022 er reisetida til Bergen halvert.
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
Om stillinga
Vi søkjer ein praktisk anlagt og sjølvstendig fagarbeidar til vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar. Du vil få ein utfordrande og variert kvardag med både sjølvstendige oppgåver og samarbeid i team.
Arbeidsoppgåver
• Utføre mindre løpande vedlikehald av kommunale bygg og eigedomar innan tømring, maling, muring, støping etc.
• Leia mindre byggeoppdrag og vere kontaktperson mot eksterne leverandørar
• Gjere enkle kalkulasjonar og dokumentasjon
• Delta i innvendige og utvendige maleroppdrag
• Vere delaktig i kartlegging av tilstand og planlegging av vedlikehaldsoppgåver på bygg.
• Registrere arbeidsoppgåver i FDV systemet.
Kvalifikasjonar
• Fagbrev innan eitt eller fleire relevante fag, t.d.:tømrar / byggmeister, eller anna relevant byggfagleg utdanning
• Fagskule er ein fordel, men ikkje eit krav
• God tverrfagleg forståing og praktisk sans
• Gode datakunnskapar og evne til å bruke digitale verktøy
Personlege eigenskapar
• Nevenyttig og løysingsorientert
• Strukturert og sjølvstendig
• Fleksibel og samarbeidsvillig
• Energisk og med godt humør
• Det vil bli lagt særs stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
• Ei spennande og variert stilling i eit fagleg sterkt miljø
• Moglegheit til å påverka utviklinga av tekniske tenester og organisasjonen som heilskap
• Gode utviklingsmoglegheiter og støtte til vidare kompetanseheving
• Gode pensjons- og forsikringsordninger og løn etter gjeldande avtale.
• Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anordninga ikkje vert teke til følge vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
19.09.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Industrivegen 96
Kontaktpersonar:
Dag Søfteland
mob: +47 900 20 197
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Industrivegen 96 5210 Os