Bjørnafjorden kommune Fusa ungdomsskule

Vil du bli med på laget rundt ungdommane våre?

78% stilling som miljørettleiar ved Fusa ungdomsskule

Vi søkjer deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.

Arbeidsstad
Fusa ungdomsskule har adresse Brakabygda 33 og ligg sentralt plassert i Eikelandsosen.  Skulen ligg tett ved fleirbrukshall, fjord og fjell, og stod ny hausten 2019.  Skuleåret 2025-2026 er det 155 elevar ved skulen og omlag 23 tilsette. Satsingsområda våre er nærvær, lesing og skulemiljø.  Vi jobbar med inkludering og fellesskaping; elevar og vaksne skal kjenne på å høyre til ved Fusa ungdomsskkule.

Ansvarsområder
- Bidra til oppfølging av enkeltelevar og grupper av elevar.

- Delta i plannlegging og gjennomføring av aktivitetar individuelt og i grupper.
- Utarbeide planar og evaluere arbeidet saman med elevar, kollegaer, støttetenester og føresette.
- Samarbeide med andre faglege og administrative enheiter

Kvalifikasjonar
- Bachelorgrad innan relevant fagområde, t.d. vernepleiar, sosionom, ergoterapeut, sjukepleiar, barnevernespedagog eller spesialpedagog.

- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
-
 Erfaring frå arbeid i skule og med elevar er eit føremon

- Gode kommunikasjonsferdigheiter og god språkforståing, munnleg og skriftleg.
- Gjerne kompetanse ifht rettleiing og samtalar med ungdom, gruppesamtalar og undervisning.  
- God IKT kunnskap, innkludert kjennskap til sosiale media

Eigenskaper
Vi ser etter deg som er ein raus, autoritativ vaksen rollemodell.  Du ser det beste i elevane og ønskjer legge til rette for fagleg og sosal læring utifrå deira individuelle behov og potensiale.  Du er stabil, empatisk, omsorgsfull, ansvarsbevisst og løysingsorientert.  Du kan jobbe sjølvstendig og i team, og du er god til å bygge relasjoner og skape tillit hos elevar.

I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.

Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen


Etter søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge, vil søkaren varslast om dette.

Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Miljøterapeut

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

14.09.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Fusa ungdomsskule

Kontaktpersonar:

Vivi Irene Fosse

Stilling: Rektor

mob: +47 917 27 724

Adresse:

Brakabygda 43 5640 Eikelandsosen

Kart: