Bjørnafjorden kommune Fusa bu-og behandlingssenter og heimetenester

Helsefagarbeidar - faste stillingar 100 % fast

Vi søkjer etter engasjerte helsefagarbeidarar til miljøavdelinga ved Fusa bu- og behandlingssenter. Ei avdeling for personar med demenssjukdom.

Er du ein person som brenn for miljøarbeid og som ønskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag? Då kan dette vere jobben for deg! Vi har ledig fleire 100% stillingar med turnus dag/kveld og kvar 3.helg. Om du ønsker å gå redusert er det mogleg då deler av stillinga blir i ressursbemanning der ein jobbar på tvers av avdelingar i delar av stillinga.

Arbeidsstad
Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) er ein heildøgns institusjon som ligg sentralt i Eikelandsosen i Bjørnafjorden kommune. FBBS består av 2 miljøavdelingar for personar med demenssjukdom, 1 bu avdeling for somatisk og 1 kortids/rehabiliteringsavdeling som også har tilknytt 1 ØHD- plass. FBBS har eige produksjonskjøkken og vaskeri.

Sjukeheimen ligg vakkert til med utsikt over fjorden. Hos oss får du samarbeida med dyktige kollegaer og være med på å utvikla arbeidsplassen.

Arbeidsoppgåver

  • Utøve forsvarlege tenester til pasientar i tråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk 
  • Dokumentere i gjeldande fagsystem
  • Kartlegge, igangsette og gjennomføre tiltak
  • Ha fokus på fagleg utvikling og kompetanse for å yte gode tenester
  • Stell og pleie av pasientar
  • Vere ein god rollemodell, og bidra til eit godt samarbeid med kollegaer i tråd med kommunen sine verdiar 
  • Ernæring, legemiddelhandsaming og miljøarbeid

Kvalifikasjonar

  • Har autorisasjon som helsefagarbeidar, eller har anna relevant utdanning/erfaring
  • Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
  • Har erfaring, eller interesse for arbeid med personar med demens

Personlege eigenskapar

  • Er empatisk, tolmodig og har gode kommunikasjonsevner
  • Trives med å jobbe i team og bidra til et godt arbeidsmiljø
  • Gode evner til observasjon og dokumentasjon
  • Omstillingsorientert og ser moglegheiter framfor avgrensing
  • Du er stolt over ditt fag og tek ansvar for eiga utvikling

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Moglegheiter for fagleg utvikling
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Søk i dag og bli en del av vårt fantastiske team! Vi gleder oss til å høyra frå deg!

Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn.

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid
Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Helsefagarbeidar

Stillingstype:

Deltid
Fast
Heiltid

Søknadsfrist:

22.09.2025

Tiltreding:

Snarast / etter avtale

Arbeidsstad:

Fusa bu- og behandlingssenter

Kontaktpersonar:

Anne Martha Oma Berge

Stilling: Avd. leiar

mob: +47 468 43 558

Merethe Tveit

Stilling: Ass. avd. leiar

tlf: +47 56580226

Adresse:

Leitet 28 5640 Eikelandsosen

Kart: