Bjørnafjorden kommune Kultureininga

20% engasjement som aktivitør

Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!

Kultureininga, har ledig engasjement i eit tidsavgrensa tilbod i Bua frå 1. september 2025 til 31.8. 2026. Det kan bli forlenga. 

BUA-utstyrssentral er ei teneste under Os frivilligsentral og Kultureininga. Sentralen har utlånspunkt både i Os og i Eikelandsosen med gratis utlån av idretts- og friluftsutstyr til alle sesongar. Barn og unge er viktigaste målgruppa. 

Vi lyser etter ein kreativ og sosial person som vil vera med å vidareutvikle BUA-ordninga i kommunen og det nye tilbodet «fikse-bua».

Vi viser også til utlysinga av 60% fast stilling i BUA. Det er mogleg å kombinera dei to stillingane

 

Arbeidsstad: Os frivilligsentral med kontor på Osøyro

Arbeidet omfattar: organisering av eit nytt tilbod med unge arbeidstakarar i BUA og praktisk aktivisering i «fikse-bua»

Driftsansvar: planlegging og gjennomføring av aktivitet.

Søkarar må ha følgande kvalifikasjonar:
- Relevant arbeidserfaring
- Ha erfaring frå arbeid med barn og unge
- Gode praktiske evner og kompetanse på bruk og vedlikehald av aktivitets- og friluftsutstyr
- Du må ha førarkort

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar og at du er:
-Sjølvstendig
-Strukturert
-Løysingsorientert
-Effektiv
-Fleksibel
-Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
-Motivert og engasjert medarbeidar

Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Meiningsfulle arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Stillinga vert løna etter gjeldande avtaler

Etter utløp av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.

Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.

Del på:

Referansenummer:

25/20498

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Kveld

Sektor:

Samfunnsutvikling

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Deltid

Søknadsfrist:

22.06.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Osøyro

Kontaktpersonar:

Stine Kobbeltvedt

mob: +47 94396618

Adresse:

Torggata 7 5200 Os

Kart: