
Askviknes oppfølgingsteneste søker kvilande nattevakt
Fast stilling som kvilande nattevakt
Bjørnafjorden kommune har over 26 000 innbyggjarar og rundt 1 800 dedikerte kommunalt tilsette. Vi er ein nær og inkluderande kommune, noko som blir spegla i vår misjon: "Det gode livet for alle." Som medarbeidar hos oss bidreg du til viktige oppgåver som gjer ein forskjell for både innbyggjarane og lokalsamfunnet. Du betyr noko – og det du gjer har ein verdi!
Avdeling Askviknes Oppfølgingsteneste gir avlasting og tenester til brukarar i fast bustad på Askviknes, beståande av fire faste bustader og ein avlastingsbustad. Målgruppa er diagnoseuavhengig og har samansette utfordringar. Tenestene har som formål å fremja utvikling og sjølvstende i kvardagen og i eige liv. Tenestene er vedtaksbaserte og tek utgangspunkt i den enkelte behovet sitt til ei kvar tid, med hovudfokus på praktisk bistand og sosial støtte.
Stillinga har en tilsetjingsprosent på 56%, med 35% avlønning. Vaktlengde på natt er frå kl. 22:00 til 08:00, med kvilande tid frå kl. 00:00 – 07:30. Den kvilande tida vert avlønna i forholdet 1:3.
Funksjon og arbeidsområde
- Å arbeida som nattevakt i avdelinga krev at du er sjølvstendig og trygg.
- Arbeidstakar skal bidra til samarbeid, kulturbygging og godt arbeidsmiljø i avdelinga.
- Arbeidstakar skal setje seg inn i og følgje dei gjeldande retningslinjene for arbeidet. Vidare vil vi at arbeidstakar engasjerer seg i utforming og deltek for å utvikle miljøarbeidet rundt bebuarar, og tek ansvar for å vidareformidla når behov for endring vert oppdaga.
- Stillingane vil i hovudsak ha kvilande teneste, men en må pårekne vekking ved særskilde behov.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse- og omsorg er ønskeleg
- Ønskeleg med erfaring frå tilsvarande arbeid
- Personleg eignaheit vil vera avgjerande
- Evne til å arbeida både sjølvstendig og i tverrfagleg samarbeid
- Tydelegheit
- Evne til å samhandle godt med bebuarar med ulike behov
- Evne til å samhandle med kollegaer og tileigne seg nødvendig informasjon
- Følgje rutinar og retningslinjer for arbeidet
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstige pensjonsordningar, og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Lønn etter gjeldande avtalar
- Ein kommune som jobbar aktivt for å etablera ein heiltidskultur.
- Ein meiningsfull og variert arbeidskvardag med høve til å gjera ein reell forskjell.
Etter utløpet av søknadsfristen vil det bli utarbeidd ei offentleg søkjarliste. Denne vil innehalda namn, alder, stilling eller yrkestittel og dessutan bustad- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn dersom ein søkjar ber om det, men opplysningar kan likevel bli offentleggjort i samsvar med gjeldande regelverk. Dersom ei oppmoding om unntak ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli varsla.
Vi vil aldri be søkjarar om å oppgi BANK-ID-informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/20495
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Natt
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fagarbeidar
Helsefagarbeidar
Sjukepleiar
Vernepleiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
19.06.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Askviknes oppfølgingsteneste,
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Rådhuset, Torggata 7 5200 Os