Bjørnafjorden kommune Lysekloster barnehage

Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?

Fagarbeidar/assistent - Lysekloster barnehage

Vi har ledig 2 vikariat i totalt 60% stilling frå 04.08.25. 30% vikariat til 31.10.25 og 30% vikariat til 31.07.26. Stillingane kan kombinerast. Ein kan og få stilling som tilkallingsvikar i tillegg om ønskjeleg.

Barnehagen har 5 avdelingar, der to avdelingar er for barn i alderen 1-3 år, og 3 avdelingar er for barn i alderen 3-6 år. Viktige verdiar for oss er meistring, anerkjenning og tryggleik.

I Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi jobbar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for barna våre. Barnehageutvikling står sentralt med særleg vekt på livsmeisting og godt barnehagemiljø. Satsingsområda er språk, leik, realfag, inkluderande barnehagemiljø og livsmeistring for alle.

Arbeidsstad
Lysekloster barnehage. Barnehagen ligg på Edne, like ved idrettsbana og Lysekloster skule, og i kanten av eit stort og rikt naturområde.

Arbeidsoppgåver

  • Medansvar for å leggje til rette for barna sin leik, læring og utvikling.
  • Delta aktivt i det daglege arbeidet med barna i barnehagen sitt inne- og utemiljø, og vere ein god rollemodell.
  • Bidra aktivt og ha medansvar i planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga.
  • Bidra til å jobbe fram forbetringar og gode løysingar.
  • Bidra til eit godt foreldresamarbeid
  • Bidra til eit godt språkleg miljø

Kvalifikasjonar
Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg, men anna utdanning/erfaring kan kompensere for manglande fagbrev.
Utanlandsk utdanning må vere godkjent av HK-dir.
Søkjar må ha gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. 

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Ønska kvalifikasjonar

  • Er engasjert, sjølvstendig og fleksibel
  • Har godt overblikk og ser kva som trengs der og då.
  • Trivst i ein travel, men innhaldsrik barnehagekvardag.
  • Har gode evner til samarbeid
  • Har godt humør, positiv innstilling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Er god på å skape relasjonar
  • Er ein god språkmodell
  • Er glad i å vera ute
  • Erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt 

Vi tilbyr

Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Aktive og varierte kvardagar.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.

Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.

Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. 
Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang.
Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med personalavdelinga.

Del på:

Referansenummer:

25/20494

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Sektor:

Oppvekst

Stillingsnivå:

Assistent
Fagarbeidar

Stillingstype:

Deltid
Vikariat

Søknadsfrist:

26.06.2025

Tiltreding:

04.08.2025

Arbeidsstad:

Lysekloster barnehage

Kontaktpersonar:

Adresse:

Edne 19 5215 Lysekloster

Kart: