Bjørnafjorden kommune Tilrettelagte tenester

Miljøterapeut/vernepleiar/sjukepleiar

Tilrettelagte tenester ved avdeling Bjørnefjorden Bufellesskap, har ledig 100% fast stilling frå 01.09.25

Arbeidsstad
Tilrettelagte tenester i Bjørnafjorden kommune gjev tenester til barn og vaksne med ulike funksjonsnedsettingar. Tenestene for vaksne består av 9 bufellesskap og 2 dagsenter.

Bjørnefjorden bufellesskap ligg nokre minutt i frå Os sentrum, og gjev tenester til 12 tenestemottakarar. 

Arbeidsoppgåver
Den tilsette skal yte eit heilskapleg og fagleg omsorgstilbod til tenestemottakarane, der det er lagt vekt på god livskvalitet, brukarmedverknad og førebygging. "Kva er viktig for deg", skal spegla seg i ord og handlingar og stå sentralt i vårt miljøarbeid og samhandling med tenestemottakar. Vi skal sikra at kvar enkelt får den bistand vedkommande treng for å gjennomføra daglege gjeremål og ta del i sosiale aktivitetar. Målretta miljøarbeid og oppfølging av ulike tiltak er sentrale arbeidsoppgåver. 

Det vil kunne ligge primærkontaktansvar til stillinga. 

Stillinga vil inngå i resursbemanninga, og er i ordinær turnus med arbeidshelg 4.kvar helg.(langvakt på helg) 

Kvalifikasjonar 
Vi søkjer deg som har relevant helse-, sosialfagleg- eller pedagogisk utdanning på bachelornivå. Sjukepleiar/vernepleiar med medisinfagleg kompetanse, er å føretrekke, men ikkje eit krav. Du har kjennskap og erfaring frå helse og omsorgstenestelova kap.9 er også ønskjeleg.

Du er bevisst dine haldningar og prioriterer høgt verdiar som respekt, lojalitet og etikk
Vi legg vekt på å sette saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde
Det vert lagt stor vekt på din kjennskap til brukargruppa og på dine personlege eigenskap og vi legg vekt på å setja saman personalgruppa med størst mogleg kompetansebreidde. 

Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi tilbyr 

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen. 

Del på:

Referansenummer:

25/20271

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Sektor:

Helse og velferd

Stillingsnivå:

Miljøterapeut

Stillingstype:

Fast

Søknadsfrist:

19.06.2025

Tiltreding:

01.09.2025

Arbeidsstad:

Bjørnefjorden bufellesskap

Adresse:

Rådhuset, Torggata 7 0000 Os

Kart: