
Ønskjer du ei spennande og variert stilling i barneskulen, der du kan vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Konsulent, arbeidsleiar SFO og miljøarbeidar i skule
På Strøno barneskule har vi har ledig fast stilling i 89% stilling som konsulent, arbeidsleiar SFO og miljøarbeidar i skule.
Vi søker deg som liker å ha varierte arbeidsoppgåver, og som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har og som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar.
Arbeidsstad
Strøno barneskule er ein få-delt skule på øya Strøno, i Bjørnafjorden kommune. På det jamne er vi rundt 10 tilsette og 50 elevar, 25 av dei i SFO. Vi ligg flott plassert med naturen tett på og gode fasilitetar for ein aktiv skuledag og SFO gjennom heile skuleåret.
Aldersblanding og klassetrinn som går ilag gjer at alle kjenner alle, noko som skaper eit trygt og oversiktleg miljø. Strøno barneskule skal vere ein trygg stad for utvikling og vekst for elevar og tilsette.
Vår visjon er «Elevar i aktivitet og læring». Satsingsområda våre tek utgangspunkt i LK20 og vi jobbar kontinuerleg med grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning.
Godt skule- og læringsmiljø er i fokus. SFO har utgangspunkt og forankring i den nye rammeplan for SFO.
Arbeidsoppgåver
Stillinga er todelt; 18,7 % som konsulent for skulen, og 70% som arbeidsleiar for SFO og miljøarbeidar i skule og SFO. Stillinga fylgjer skuleruta.
- Konsulent for skule, ein dag/veke
- Leie, organisere og drifte SFO, inkl. blant anna administrativt arbeid knytt til elevgruppa, planarbeid, utviklingsarbeid med tilsette og rettleie andre i arbeidet.
- Bidra og legge til rette for godt innhald i SFO for elevane, jfr. rammeplan for SFO
- I samarbeid med kollegaer sørgje for at elevane meistrar skulekvardagen og SFO-tida, og utviklar seg fagleg og sosialt.
- Miljøarbeidar i skule og SFO. Der ein støttar klassar, elevgrupper eller einskild-elevar.
- Oppfølging av elevar med særskilde behov i eit heilskapleg inkluderande elevmiljø.
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjelege med relevant 3-årig høgskuleutdanning, anna utdanning blir vurdert.
- Gode IKT-kunnskapar
- Erfaring med IKT som arbeidsverktøy er ønskjeleg.
- Erfaring med arbeid med born og unge, helst innan skule.
- Erfaring frå arbeid med barn med særlege behov er ønskjeleg.
- Livredningskurs i vatn er ønskjeleg
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Vi søkjer etter ein kreativ og dyktig arbeidar med god relasjonskompetanse!
Våre nye medarbeidar er også:
- strukturert, stabil og tydeleg
- fleksibel, løysingsorientert, omsorgsfull, inkluderande og raus
- ein tydeleg og engasjert leiar og rollemodell
- evnar å imøtekomme/støtte barn med komplekse utfordringar
- likar å arbeide med born
- har godt humør
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar og skulen sitt behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn på intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen
Del på:
Referansenummer:
25/20199
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Konsulent
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
15.06.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Strøno barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Strønevegen 455 5218 Os