
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Undervisningsstillingar Lysekloster barneskule
Vi har ledig 2 undervisningsstillingar; 1 fast stilling og 1 vikariat frå 01.08.25. – 31.7.26
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande
og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Satsingsområda våre er livsmeistring for alle, nærvær og fråvær, begynnaropplæring og LK20 (Læreplanverket
for Kunnskapsløftet 2020). Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og
faste nettverk.
Arbeidsstad
Lysekloster barneskule er ein 1.-7. skule med om lag 160 elevar og 23 tilsette. Skulen ligg ved idrettsbanen i Lysefjorden
og er tilrettelagt for læring og leik både ute og inne. Bygda og lokalmiljøet er ein viktig arena i skulen si opplæring. I
samarbeidet med heimane skal vi skape eit trygt oppvekst- og læringsmiljø for barn i bygda.
Arbeidsoppgåver
Kontaktlærar, med undervisning i både små og store grupper.
Lærar, med undervisning i små og store grupper.
Begge stillingane kan fordelast mellom alle trinn 1.-7., både etter utdanning og erfaring.
Vi har bruk for medarbeidarar som ser gode løysingar innanfor tilpassa opplæring.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet.
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform iBjørnafjorden kommune.
I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til inkludering og godt læringsmiljø. Vi ønsker tilsette
med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og
kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
- er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollega
Skulen har særleg behov for kompetanse innan faga norsk, matematikk og engelsk. Søkarane vil bli vurderte i høve til
personlege eigenskapar og skulen sine behov. Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens
pensjonskasse
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller
arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande
sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom
anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Kontaktperson
Lars-Tore Johannessen, Rektor, tlf: 56 57 52 15, mobil: 402 16 733, ltj@bjornafjorden.kommune.no
Del på:
Referansenummer:
25/19477
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Undervisning
Stillingstype:
Fast
Vikariat
Søknadsfrist:
27.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Lysekloster barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Edne 11 5215 Lysekloster