
Lyst å leie og utvikle Ådlandsfjorden barneskule?
Rektor 100% stilling
Vi har ledig 100 % fast stilling som rektor ved Ådlandsfjorden barneskule frå 01.08.25.
Vi søker deg som ønsker å vere med på det spanande arbeidet med å utvikle arbeidsplassen og skulen for dei tilsette og for elevane. Skulen treng ein rektor som gjennom begeistring og engasjement vil jobbe på ein arbeidsplass prega av godt humør, kultur for læring og høg kompetanse. Rektor skal vera pådrivar i arbeidet med skulen som organisasjon, profesjonelt læringsfellesskap og som ein inkluderande arbeidsplass.
Som skuleleiar i Bjørnafjorden kommune kan vi tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape gode oppvekstvilkår for elevane våre. Skuleutvikling står sentralt i Bjørnafjorden kommune, med særleg vekt på livsmeistring og eit godt læringsmiljø. I området Oppvekst ligg barnehagar, skular, PPT, barnevernstenesta og førebyggande helseteneste med nærjordmorsenter, helsestasjon og skulehelseteneste. Som leiar innan oppvekstområdet inngår du i eit tverrfagleg leiarfellesskap. Det er tett samarbeid mellom skuleadministrasjonen og rektorgruppa.
Satsingsområda våre er skulemiljø, nærvær og fråvær og rammer for lesing.
Arbeidsstad
Ådlandsfjorden barneskule er ein fådelt 1-7 skule som ligg på Holmefjord i Bjørnafjorden kommune. Skuleåret 24-25 er det 40 elevar på skulen. Skulen er tredelt, med grupper for 1.-2. trinn, 3.-4 . trinn og 5.-7. trinn. Skulebygget er idyllisk plassert inst i Ådlandsfjorden med kort veg til både fjord og fjell. Visjonen til skulen er: Best rusta for framtida. Verdiane er "inkluderande", "framtidsretta" og "robust" er med på å gje visjonen retning. Barnehagen og skulen held til i same bygg, men er åtskild i ulike avdelingar. Barnehage og skule samarbeidar om SFO.
Tida elevane har på Ådlandsfjorden barneskule er ein viktig del av livet, og dannar grunnlaget for vidare skulegong og det dei skal gjera seinare i livet. Me arbeidar difor aktivt med å ha ein skule prega av tryggleik og respekt i eit meistringsorientert læringsmiljø. På Ådlandsfjorden barneskule har me eit stabilt personale som er engasjert i elevane sin skulekvardag. Saman med tett kontakt og godt samarbeid med dei føresette jobbar me for å nå felles mål for våre born. Saman skapar me ein god skule!
Arbeidsoppgåver
- Å vera tydeleg leiar for alle på skulen
- Å leie pedagogisk utviklingsarbeid
- Økonomiansvar
- Forvaltningsoppgåver
- Overordna personalansvar
- Å utvikle skulen som ein lærande organisasjon
- Samarbeid med politisk og administrativt nivå
- Tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med barnehage
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning på høgskule-/universitetsnivå med undervisningskompetanse
- Utdanning frå utlandet skal vere NOKUT-godkjent.
- Søkarar må ha særs gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune.
- I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
- God IKT- kompetanse
- Relevant leiarutdanning/leiarerfaring
- Erfaring frå endringsleiing og kulturbygging
Vi ser etter deg som
- er løysingsorientert og har fokus på organisering
- har evne til å inspirere andre og bidra til arbeidsglede
- har evne til å samarbeide, lytte, rettleie og skape gode relasjonar
- har engasjement for eit godt læringsmiljø og kultur for læring
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Leiarstøtte og mentor-ordning
- Gode moglegheiter for kompetanseutvikling
Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med navn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Leiar
Stillingstype:
Fast
Søknadsfrist:
21.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Ådlandsfjorden barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Holsundvegen 190 5642 Holmefjord