
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Fagarbeidar ved Os barneskule
Vi har ledig 89% stilling eller meir som fagarbeidar i skule og SFO skuleåret 25/26.
Vi søker deg som vil vere med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat i skulane i Bjørnafjorden kommune, der alle skal med. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeidar målretta for å skape trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt.
Bjørnafjorden kommune med ca. 26.000 innbyggarar vil vere i sterk vekst i åra framover. Hausten 2022 opnar ny E-39 til Bergen med halvering av reisetid.
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2025–2026 har vi ca. 208 elevar og 31 tilsette. Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving og rekning – i tillegg til jamt og trutt arbeid med å skapa eit godt skule- og læringsmiljø – der elevane kjenner seg trygge, vert anerkjente og opplever meistring.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt barna.
Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Arbeidsoppgåver
Som fagarbeidar på Os barneskule skal du følgje opp elevar og elevgrupper med ulike utfordringar. Du skal samarbeide tett med lærarar, miljørettleiarar og fagarbeidarar og bidra til å skape ein Vi -kultur rundt arbeidet mot elevane og dei føresette. Denne stillinga er tenkt både i skule og SFO.
Kvalifikasjonar
Fagbrev som fagarbeidar, lang erfaring og personlege eigenskapar kan vege opp for dette.
Eigenskapar
Som fagarbeidar på Os barneskule må du like å skape gode relasjonar til elevane. Du møter alle barn med respekt og varme, og er ein trygg og raus person i møte med elevar som har ulike utfordringar. Vi søkjer deg som er leiken, robust og har kunnskap om og erfaring med traumebevisst omsorg. Du må vere førebudd på ein hektisk arbeidskvardag med meiningsfylte arbeidsoppgåver.
I skulen er læringa viktig, og i møte med elevane skal vi motivere til læring, både i tradisjonelle og meir alternative opplæringsarenaer. Inkludering er viktig på Os barneskule, og alle barna skal tilhøyra fellesskapet.
Søkarane vil bli vurdert i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkarar vert kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeider for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter søknadsfristen er gått ut, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følge, vil søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/19295
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Assistent
Fagarbeidar
Stillingstype:
Deltid
Vikariat
Søknadsfrist:
21.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Os barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Giskavollen 20 5200 Os