
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Undervisningsstilling Os barneskule
Ved Os barneskule er det ledig 100% undervisningsstilling frå 1. august 2025. 60% av stillinga er fast og 40% er vikariat ut skuleåret med moglegheit til forlenging.
Arbeidsstad
Os barneskule ligg i sentrum av Os. Skuleåret 2025 - 2026 har vi 208 elevar og 31 tilsette.
Tryggleik og trivsel er føresetnader for læring. Vi møter derfor kvart barn med respekt og omsorg og er gode rollemodellar for dei. Ros og oppmuntring er vi rause med. Saman med foreldra lagar vi gode rammer rundt borna. Visjonen vår er "Livsglede og lærelyst". Les gjerne meir om skulen på nettsida: http://www.osbarn.gs.hl.no
Satsingsområda våre er grunnleggjande ferdigheiter i lesing og skriving, - samt godt læringsmiljø og livsmeistring for alle.
Arbeidsoppgåver
Undervisningsstilling, dei som søker søkar stillinga må vere førebudd på å vere kontaktlærar.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utdanning frå utlandet skal vera godkjent av HK-dir.
Ønska kvalifikasjonar
Skulen ønskjer fortrinnsvis lærarar med grunnskulelærarutdanning for 1.-7. trinn. Det er særleg ønskjeleg med kompetanse i begynnaropplæring i norsk og matematikk. I tillegg vil det vera ønskjeleg med gode digitale ferdigheiter, kompetanse i eit eller fleire av dei praktisk estetiske faga, samt kompetanse innan spesialpedagogikk. Det er det viktig å ha kjennskap til LK-20 og som kan sjå dei praktisk estetiske faga og kreativitet opp mot dei teoretiske faga, - og planleggja for tverrfaglegheit og djupnelæring.
Skulen treng pedagogar som er tydelege og engasjerte rollemodellar og klasseleiarar. Ein må vera fleksibel og ha gode samarbeidsevner. Vi ønskjer oss ein raus kollega med god relasjonskompetanse, samt ein som har positive haldningar, bidreg til å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø og har stor arbeidskapasitet.
Søkjarane vil verta vurderte i høve personlege eigenskapar og kva skulen treng. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ein føresetnad for tilsetjing er godkjent politiattest i høve opplæringslova.
Vi tilbyr
Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
Gode pensjons- og forsikringsordningar og løn etter avtale.
Slik søkjer du
Klikk på "søk på stilling" og følg vidare instruksjonar. Eksterne søkjarar må oppretta brukarnamn og passord før dei loggar seg på første gang. Tilsette i kommunen er allereie definert som brukar i systemet, og skal ikkje registere seg på nytt. Dersom du ikkje har internt brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på e-post via funksjonen "Glemt brukernavn/passord" eller ta kontakt med Personalavdelinga
Del på:
Referansenummer:
25/19294
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Deltid
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Lærar
Undervisning
Stillingstype:
Fast
Vikariat
Søknadsfrist:
21.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Os barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Giskavollen 20 5200 Os