
Vil du vere med å gje barn og unge ein trygg oppvekst?
Undervisningsstilling ved Fusa ungdomsskule
Vi søker deg som vil vera med å bidra til trygge og inkluderande læringsmiljø og gode resultat. Vi kan tilby eit inspirerande og mangfaldig fagmiljø der vi arbeider målretta for å skapa trygge oppvekstvilkår, og der skuleutvikling står sentralt. Satsingsområda i Bjørnafjorden kommune er trygge og gode skulemiljø som skal leggje til rette for fagleg og sosial utvikling. Vi har også som mål at alle elevar blir funksjonelle lesarar. Vi bidrar til ein god start for nyutdanna nytilsette lærarar gjennom mentorordning og faste nettverk.
Ledig inntil 100% fast stilling som lærar ved Fusa ungdomsskule.
Arbeidsstad Fusa ungdomsskule, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Moderne og flotte Fusa ungdomsskule stod ferdig hausten 2019 og ligg fint til mellom fjord og fjell, sentralt i Eikelandsosen. Skulen har eit flott uteområde som bidreg tilaktivitet og moglegheiter for praktisk undervisning. Like ved finn ein idrettsanlegg og fleirbrukshall. Skuleåret 2024 - 2025 er det 140 kjekke elevar, og eit utviklingsorientert og humørfylt personale på skulen.
Arbeidsoppgåver
- Individuelt tilrettelagt opplæring
- Ordinær undervisning
- Samarbeid med foreldre, PPT, BUP m.fl
- Arbeid med psykososialt skulemiljø
Kontaktlærarfunksjon kan vere aktuelt.
Skulen har særleg behov for kompetanse innan: individuelt tilrettelagt opplæring, matematikk, norsk, naturfag, kunst & handverk.
Søkjarar med undervisningskompetanse i andre fag vil likevel bli vurderte i høve til skulen sine behov og personlege eigenskapar.
Kvalifikasjonar
Godkjent lærarutdanning frå høgskule eller universitet. Utanlandsk utdanning må vere godkjend av HK-dir. God munnleg og skriftleg framstillingsevne er ein føresetnad. Nynorsk er administrasjonsmålform i Bjørnafjorden kommune. I tråd med opplæringslova stiller vi krav om tilfredsstillande politiattest av den som får tilbod om stillinga.
Eigenskapar
Du må vera ein relasjonsbyggar og ein trygg klasseleiar som bidreg til eit godt læringsmiljø. Du må vera fleksibel, ha gode samarbeidsevner og kunna delta aktivt i pedagogisk utviklingsarbeid. Du har eit inkluderande og positivt elevsyn. Vi ønsker tilsette med god fagleg kompetanse og vilje til å prøva ut nye arbeidsmetodar. Du ser potensiale i alle barn og jobbar for at alle barna skal få kjenne på læring og meistring.
Vi ser etter medarbeidarar som:
- er ein tydeleg og engasjert klasseleiar og rollemodell
. er aktiv i pedagogisk utviklingsarbeid
- er framtidsretta innan digital undervisning
- er fleksibel og har evne til å finne gode løysingar
- har gode evner til samarbeid og til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer
Aktuelle søkarar blir kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn
etter gjeldande avtalar - Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens
Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse.
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkarliste med nann,
alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det
kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande
sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkar kan bli offentlege sjølv om ein har
kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil
søkaren varslast om dette.
Vi vil aldri be søkar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/19235
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Oppvekst
Stillingsnivå:
Lærar
Undervisning
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
19.05.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Fusa ungdomsskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Brakabygda 43 5640 Eikelandsosen