
Fysioterapitenesten i avdeling Helsefremming- og rehabilitering har ledig stilling som fysioterapeut
Fysioterapeut - 100 % vikariat
Vi har ledig stilling som fysioterapeut i 100 % vikariat frå snarast tom. 22.06.2026.
Fysioterapitenesten i avdeling helsefremming- og rehabilitering har ledig 100% stilling i vikariat som fysioterapeut. Avdeling helsefremming- og rehabilitering består av fysioterapi, ergoterapi, kartleggingsteam, service/hjelpemidler, kvardagrehabilitering og basseng. I ein avdeling med mange forskjellige fag- og fokusområder verdsett vi evne til godt tverrfagleg arbeid.
Fysioterapitenesten i Bjørnafjorden kommune består av 15 fysioterapeuter med driftsavtale og 7 kommunalt tilsette fysioterapeuter, fordelt på begge sider av Fusafjorden.
Arbeidsstad
60% av stillinga har base i Bjørnafjorden vest ved Luranetunet Bu- og Behandlingssenter, og 40% av stillinga har base i Bjørnafjorden øst ved Fusa Bu- og behandlingssenter.
Arbeidsoppgåver
Stillinga omhandler hovudsakleg undersøking, behandling, rehabilitering, habilitering og oppfølging av voksne og eldre tilknytta korttidsavdelingar og heimeboande. Det kan og vere behov for å bidra til ein økt satsing på førebyggande og helsefremmande arbeid. Andre oppgåver er rettleiing av samarbeidspartnere og pårørande, koordinering og tverrfagleg arbeid. Det forventes at du vil delta og bidrar til utvikling av helsetenester i kommunen.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som fysioterapeut
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B
- Må ha god munnleg og skriftleg språkferdigheiter i norsk
- Ønskeleg med erfaring med søknader- og oppfølging på bruk av hjelpemidler
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i kommunehelsetenesta
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er nytenkende, kreativ og vil bidra til utvikling av tjenestene våre. Vi ønsker å gi tilbud til våre innbyggere som både tar hensyn til dagens utfordringer og gjør oss bedre rustet til å utnytte fremtidens muligheter.
Som tilsett må du lika å arbeida sjølvstendig, men samstundes vera fleksibel og god på tverrfagleg samarbeid og villig til å ta ansvar. Tenesta har stor bredde i type oppgåver, og ein har kultur for å hjelpa kvarandre og bidra ved behov. Du som søkjer må difor trivast med mange og varierte arbeidsoppgåver.
- Evne til å arbeida målretta og ha god struktur i arbeidsdagen
- Evne til å byggja gode relasjonar både overfor brukarar og kollegaer
- Likar utfordringar, tar initiativ til å arbeida for forbetringar og gode løysingar
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
Del på:
Referansenummer:
25/18298
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Helse og velferd
Stillingsnivå:
Fysioterapeut
Stillingstype:
Heiltid
Vikariat
Søknadsfrist:
25.05.2025
Tiltreding:
Snarast / etter avtale
Arbeidsstad:
Luranetunet bu- og behandlingssenter og Fusa bu- og behandlingssenter
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Holen 1 5200 OS