
100% fast stilling som rådgjevar/saksbehandlar
Vi har ei ledig stilling som byggesaksbehandlar i Bjørnafjorden kommune. Vi ønsker ein fagleg sterk og motivert byggesaksbehandlar. Som byggesaksbehandlar vil du få ansvar for eit variert fagfelt med vanlege byggesaker, dispensasjonar og klagesaker. I tillegg er rettleiing og publikumskontakt ein viktig del av arbeidet.
I byggesaksbehandling må du handtere lovpålagte fristar, og stillinga krev at du klarer å lage deg ein god struktur i arbeidskvardagen, med ein god balanse mellom effektivitet og forsvarleg saksbehandling.
Bjørnafjorden er ein kommune i vekst, og med den nye E-39 og Lyseparken vil det bli mange nyetableringar innan næring og bustadar i åra framover. Byggesaksavdelinga er sentral for tilrettelegging for desse etableringane, og samhandling i og utanfor kommunen blir vektlagt.
Arbeidsstad
Bjørnafjorden rådhus
Arbeidsoppgåver
- Byggesaksbehandling
- Klagebehandling
- Generell rettleiing på byggesaker
- Uttale til plansaker
Byggesak er organisert som ei felles avdeling med byggesak, tilsyn og lovbrot. Stillinga kan medføre arbeid innanfor alle oppgåver som ligg til eininga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning (høgskule/universitet). Relevant utdanning er til dømes oppmålingsingeniørar, byggingeniørar, mastergrad eller spesialisering innan areal- og planfag eller anna arealfagleg utdanning.
- Grunnleggande og framtidsretta digital kompetanse
- Erfaring frå byggesak og offentleg forvaltning er ønskjeleg, men nyutdanna kan også søke på stillinga
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent
Vi søker deg som har/er:
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- God relasjonskompetanse
- Utviklings- og løysingsorientert
- Handlekraftig og resultatorientert
- Effektiv
- Strukturert og målretta
Vi legg vekt på personlege eigenskapar. Vi håper denne stillinga er attraktiv for deg, og vi kan tilby interessante oppgåver i eit sterkt kompetansemiljø med rom for fagleg og personleg vekst. Ta gjerne kontakt dersom du treng utfyllande informasjon.
Målforma i Bjørnafjorden kommune er nynorsk.
Vi tilbyr:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
- Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
- Løn etter gjeldande avtalar.
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen.
Etter at søknadsfristen går ut vil vi lage ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje vil vi varsla søkjaren om dette.
Del på:
Referansenummer:
25/18296
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Sektor:
Samfunnsutvikling
Stillingsnivå:
Rådgjevar
Saksbehandlar
Stillingstype:
Fast
Heiltid
Søknadsfrist:
23.05.2025
Tiltreding:
etter avtale
Arbeidsstad:
Rådhuset
Heimeside:
http://bjornafjorden.kommune.noAdresse:
Torggata 7 5200 Os